Interesseorganisasjonane skuffa over forslaget til statsbudsjett

Benjamas Deekam/IstockPhoto
Både Norges Blindeforbund og Norges Handikapforbund er skuffa over regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Med forslaget spring regjeringa frå ei rekke av lovnadane knytt til eit meir likestilt og universelt utforma samfunn, meiner Tove Linnea Brandvik, leiar av Handikapforbundet.
7. oktober blei statsbudsjettet for neste år lagt fram. Norges Handikapforbund er skuffa over budsjettforslaget frå deira ståstad og trekk fram tilhøve med universell utforming dei skulle sett vart betre følgd opp.
Tilskot til universell utforming fortset
Regjeringa forslår å løyve nærare 20 millionar til uu-tilsynet i 2025. Regjeringa vil fortsette med tilskotsordninga for universell utforming som Bufdir handterer, og har sett av 10,8 millionar til dette. Det er regjeringa som legg fram statsbudsjett for kvart departement, så er det opp til Storinget å handsame det og vedta konkrete løyvingar. Dei ulike komiteane handsamar dei ulike forslaga til budsjett og komiteane skal vera klare med si innstilling annan 15. desember.
Fant du det du lette etter?