Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Forslag til ny valforskrift ute på høyring

Hånd som slipper en valgseddel ned i avstemningsurne
Tore Fjeld
Kommunal- og distriktsdepartementet foreslår å forskriftsfeste reglar som presiserer kravet til universell utforming for vallokale.

Departementet konkretiserer i forslag til ny valforskrift kva for nokre bygningsmessige kvalitetar eit lokale må ha for å kunna nyttast som vallokale. Krava svarer til nivået som kjem fram av byggteknisk forskrift. Formålet med å forskriftsfeste slike krav i valforskrifta er å gjera det enklare for kommunane å følgje kravet til universell utforming.

Kultur- og likestillingsdepartementet utnemnde 2. desember 2022 eit juridisk ekspertutval som skulle greia ut inkorporering av FNs konvensjon om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne i norsk lov og kva lovendringar som er nødvendige for å gjennomføra statens forpliktingar etter konvensjonen.

Utvalet la fram utgreiinga si 15. januar 2024. Utvalet konkluderer med at artikkel 29 i konvensjonen som omhandlar deltaking i politisk og offentleg liv, ikkje krev særskilte lovendringar. Forslagene i notatet om endringar i forskrift til vallova som no er sendt på høyring, er hovudsakeleg av praktisk/teknisk art, mellom anna bruk av elektronisk valgjennomføringssystem, oppteljing og krav til universell utforming av vallokalet og valutstyr.

Vallova § 6-7 første ledd pålegg valstyret å sørge for at vallokala er universelt utforma, jf. likestillings- og diskrimineringsloven § 17 som seier at «Offentlige og private virksomheter rettet mot allmennheten har plikt til universell utforming av virksomhetens alminnelige funksjoner.»

Krav knytt til teknisk forskrift

Kapittel 8 i høyringsnotatet omhandlar universell utforming. Departementet foreslår å forskriftsfeste reglar som presiserer innhaldet i kravet til universell utforming, som skal bidra til at flest mogleg veljarar uavhengig av funksjonsevne kan komma seg inn og ut av vallokale og valavlukke, velja stemmesetel og stemme på eigenhand.

Dette vil mellom anna innebera trinnfri tilkomst, framkomme, tilstrekkeleg svingradius for rullestol, tydeleg skilting, tilstrekkelege lysforhold og kontrastar, utforming av valavlukke og stemmesetlar, og dessutan plassering av bord for stempling av stemmesetlar og plassering av urner. Krava om universell utforming i teknisk forskrift blir presiserte. Dette er krav knytt til inngangsparti og tilkomst, lystilhøve, felt for merksemd, automatiske døropnarar, rampe, felt utanfor inngangsparti og breidd på dør.

Departementet understrekar at det er snakk om å presisera krava til universell utforming som følgjer av likestillings- og diskrimineringslova § 17. Det blir i hovudsak ikkje stilt nye krav til kommunane i valforskrifta. Kommunar som ikkje tidlegare har oppfylt plikta om å tilby universelt utforma vallokale og valutstyr, kan få meirkostnader når dei no blir klar over kva krav som må vera oppfylt, heiter det i høyringsnotatet.

Høyringsfristen er sett til 3.september 2024. Personar, verksemder og organisasjonar som ønsker å gje departementet innspel til det vidare arbeidet, må gjere det via departementets svarside for høyringa.

Nyheitsbrev om universell utforming

Denne siden er beskyttet av reCAPTCHA og er underlagt Googles personvern og Vilkår for bruk

Når du registrerer e-postadressa di, samtykkjer du til at vi sender deg nyheitsbrev og at vi bruker e-postadressa di til å gjere dette. Les meir i personvernerklæringa vår.

Viss du ikkje lenger ønskjer nyheitsbrev, send ein e-post til universell-utforming@bufdir.no, eller klikk avregistrer i eit nyheitsbrev du har fått.

Tidlegare nyheitsbrev om universell utforming