Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Reanalyse av Fylkeshelseundersøkingane av FHI (FHUS) Vestland

Menneskemengde på Oslo sentralstasjon.
Transport er det samfunnsområdet kor klart flest rapporterte om at mangel på universell utforming er ei barriere for tilgang. Foto: Jonathan W. Cohen/IstockPhoto (OsloS)
Transport er den største hindringa, og dernest tilgang til hav og strand. Dette kjem fram av ein rapport frå Proba Samfunnsanalyse.

Fleire unge enn eldre opplever barrierar utan at forskarane kan peike på ein klar årsak til dette. Folk med dårleg helse opplever oftare barrierar.

Analysen Proba har gjort, baserer seg på Fylkeshelseundersøkingane av FHI (FHUS) Vestland som omfatta 53 216 personar som inngjekk i Folkehelseinstituttets Fylkeshelseundersøking i Vestland gjort i 2022. Fylkeshelseundersøkingane av FHI (FHUS) som er gjennomført i Vestland, Rogaland og Innlandet (2022-2023) er blant svært få kvantitative datakjelder som gir informasjon om folks oppfatning om universell utforming. Forskarane ville undersøke kven som møter barrierar på grunn av manglande universell utforming og korleis universell utforming påverkar arbeids- og samfunnsdeltaking.

Av dei 53 216 personar som svarte på undersøkinga, var det 2162 personar som svarte at manglande universell utforming var årsak til at dei ikkje hadde tilgang eller at dei ikkje deltar i aktivitetar. Dette utgjer 4,1 %.

Kollektivtransport blir opplevd som ei hindring

Transport er det samfunnsområdet kor klart flest rapporterte om at mangel på universell utforming er ei barriere for tilgang. 45 % av dei som svarte, svarte at dei opplever at manglande universell utforming av transport som ei barriere.

Dernest er det tilgang til kyst og strand, kultur, idrett og deltaking i organisert aktivitet som utgjer dei områda kor flest møter barrierar. Tilgang til butikkar og service, natur og deltaking i annan aktivitet (mellom anna å treffe vener) er områda der færrast rapporterer om at mangel på universell utforming er eit problem.

Unge opplever seg mest hindra

Eit funn som kanskje var litt overraskande, var at det var i aldersgruppa 18-30 år at flest svarte at dei opplevde hindringar. Med stigande alder søkk funksjonsnivået og ein skulle difor tru at fleire eldre enn yngre opplever seg hindra av manglande universell utforming. I gruppa 18-30 år var det 6,7 % som opplevde seg hindra, mens det for aldersgruppa 50-71 år var kunn 3,1% som opplevde dette. I rapporten blir det peika på ei mogeleg forklaring at det er i dei yngre aldersgruppene at ein har barn, men det kan ikkje dermed konkluderast med at familiar med barn opplever barrierar i større grad enn andre. Ei alternativ forklaring kan være at unge er meir bevisst universell utforming og difor kanskje er meir tilbøyelege til å svare at dei møter barrierar, samanlikna med eldre, antydar rapporten.

Helseutfordringar gjev uu-utfordringar

Ved sida av kva for område respondentane opplevde hindringar i form av manglande universell utforming, blei dei òg spurd om ein del bakgrunnsinformasjon som alder, kjønn, utdanning, funksjonsvariasjon og helse. Her viste det seg at dårleg helse korrelerte med opplevde barrierar.
Ein klart høgare andel blant dei som svarte dei har dårleg helse, svarer at dei har opplevd barrierar. Særleg blant dei som vurderer eiga helse som svært dårleg, er andelen høg med 12,4 prosent. Dette er tre gonger så mykje som snittet for heile befolkninga som er på 4% prosent.

Undersøkinga viser ikkje ein stor skilnad for personar med og utan funksjonsnedsetting når det gjeld andelen som rapporterer om opplevde barrierar. Både helse og funksjonsnedsetting var av betydning, men effekten av dårleg helse var større.

Les meir

Prosjektet fekk støtte gjennom Bufdir sin tilskotsordning for universell utforming i fjor. Du finn heile rapporten hos proba: Verdien av universell utforming. Analyse av fylkeshelseundersøkelsen i Vestland.