Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Digitaliseringa i skulen ekskluderer

Uu-tilsynet har granska utdanningssektoren og funne at retten til likeverdig utdanning er trua. Sjølv om digitaliseringa av skulen gir gode moglegheiter for læring og meistring for elevar med ulike føresetnader, påpeikar tilsynet at det er nødvendig med tiltak for å sikre lik deltaking for alle barn og unge. Det er identifisert utfordringar i fleire ledd, ifølgje Uu-tilsynet.
Barn i et klasserom på skolen
Illustrasjonsfoto: IstockPhoto
Illustrasjonsfoto: IstockPhoto

Innkjøparar av læremiddel har utilstrekkeleg kompetanse om universell utforming. Skulane manglar òg system og kompetanse til å ta i bruk teknologi på ein inkluderande måte.

Lærarar har avgrensa mogelegheit til å setje seg inn i regelverket om krav til universell utforming av digitale læremiddel. I tillegg krevst det ein god del innsikt av elevar og foreldre om dei vil klage på tilhøva. Dette kjem fram i rapporten «Den digitale skulen – kan alle delta på like vilkår?» som Uu-tilsynet (Digitaliseringsdirektoratets Tilsyn for universell utforming) nyleg lanserte.

Konklusjonen frå sektorstilsynet var at det er ein systematisk svikt som truar retten til likeverdig utdanning. Eleven og dei føresette blir sittande igjen aleine med problemet og det tek tid å nå fram med klage og å få løysingar som fungerer. Det kjem fram i pressemeldinga frå Uu-tilsynet i samband med lanseringa.

– Alle barn skal ha moglegheit til å bruke sine evner og sitt potensiale. Vi bør ikkje ha råd til at elevar sit veke etter veke blant sine klassekameratar og ikkje kan delta saman med dei, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

– Debatten om skjerm i skulen bør derfor i mindre grad handle om skjerm eller ikkje skjerm, og i større grad handle om korleis teknologi kan understøtte undervisning, pedagogikk og læreplanar på ein inkluderande og effektiv måte.

Sektortilsyn der det er stor risiko for brot på krava

– Bakgrunnen for at tilsynet var gjennomført i nettopp denne sektoren var fleire, fortel Margrethe Berg Goksøyr, seksjonssjef i tilsynsavdelinga.

– Stenging av skular og heimeskule under korona-pandemien skaut fart i digitaliseringa og det førte til debatt om denne utviklinga. Uu-tilsynet hadde tidlegare gjennomført tilsyn med dei digitale tilhøva i høgare utdanning og hadde gjennom dette innsikt i situasjonen der. Mange saker som vart innklaga til Diskrimineringsnemnda i 2021 og 2022 var knytt til manglande universell utforming av digitale læremiddel i høgskulesektoren.

I tillegg hadde Bufdir fått gjennomført ei analyse av status og relevante tiltak av universell utforming av digitale læremiddel.

– Alt dette peika mot at det var ein risiko for svikt i skulesektoren når det gjaldt universell utforming av IKT. Difor vart det gjennomført sektortilsyn i 2023. Sektortilsyn er noko meir enn vanleg tilsyn då fleire verkemiddel blir teken i bruk. Kontroll av etterleving av regelverket, rettleiing, dialog med brukarorganisasjonar og leverandørar, kommunar og andre myndigheitsorgan inngår i eit sektortilsyn.

Uu-tilsynet har systematisert innspel, gjort kartleggingar, analysert data frå konkrete tilsyn med læremiddel og gjennomgått forsking.

Tilsyn med konkrete læremiddel – alle braut krava

I løpet av fjoråret blei det gjennomført ordinært tilsyn med elleve ulike digitale læremiddel som er i bruk på svært mange skular rundt i landet. Resultatet frå desse tilsyna, som inngår som ein del av sektortilsynet, var at alle braut krava til universell utforming av IKT.

Løysinga som hadde best resultat, braut med 44 prosent av krava til universell utforming som vart testa. Om lag halvparten av dei elleve kontrollerte digitale læremidla hadde brot med minst 80 prosent av regelverkskrava.

Eitt av dei digitale læremidla braut med alle krav som inngjekk i kontrollen. Dette læremiddelet er i bruk i nærare 60 prosent av grunnskulane.

Det er kommunane som er ansvarleg for universell utforming av dei digitale læremidla dei tilbyr elevane i grunnskulen. Det var difor kommunane som fekk pålegg om retting. Kva for læremiddel og kva for kommunar som vart ført tilsyn med, finn du på Uu-tilsynets sider for tilsynsrapportar.

Råd til sektoren

Tilsynet gir fem råd etter tilsynet med universell utforming av IKT i skulesektoren. Det er å:

  • prioritere innsatsen for universell utforming i skulen
  • få til ei betre samordning av og meir støtte til innkjøp av digitale løysingar i kommunane
  • styrke lærarane sin kompetanse til å ta i bruk teknologien på ein meir inkluderande måte både i utdanning og etterutdanning
  • gi elevane betre vern mot diskriminering i digital opplæring
  • få opp meir kunnskap og forsking på inkluderande digitalisering

Malin Rygg, tilsynsdirektør i Uu-tilsynet
Uu-tilsynet, Digdir
Uu-tilsynet, Digdir

Nyheitsbrev om universell utforming

Denne siden er beskyttet av reCAPTCHA og er underlagt Googles personvern og Vilkår for bruk

Når du registrerer e-postadressa di, samtykkjer du til at vi sender deg nyheitsbrev og at vi bruker e-postadressa di til å gjere dette. Les meir i personvernerklæringa vår.

Viss du ikkje lenger ønskjer nyheitsbrev, send ein e-post til universell-utforming@bufdir.no, eller klikk avregistrer i eit nyheitsbrev du har fått.

Tidlegare nyheitsbrev om universell utforming