Ny retningslinje for tverrfagleg helsekartlegging

Publisert
Den gir tilrådingar om organisering av team som gjennomfører tverrfagleg helsekartlegging, kva kompetanse som er nødvendig for å gjennomføra kartlegginga og om innhaldet i kartlegginga.
Les retningslinjene for tverrfarglig helsekartlegging her.
Målet med retningslinja
Tidlegare i år vart nye faglege råd for Bufetat lansert. Råda skal støtte Bufetat når dei gjer vurderingar av kva born og unge som skal prioriterast til tverrfagleg helsekartlegging.
- Kvart år blir omtrent 1 500 born flytta ut av heimen til ein institusjon eller fosterfamilie. Det er desse borna helsekartlegginga er laga for. Me veit gjennom ulike rapportar at born i barnevernet har fleire helseutfordringar enn andre born, seier Torunn Janbu, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
- Målet er at helsekartlegginga skal bidra til meir stabilitet rundt borna, gjennom å leggje til rette for meir treffsikker helsehjelp og oppfølging. Den nye retningslinja vil bidra til både god organisering, kompetanse og kvalitet i kartlegginga, seier Torunn Janbu.
Målgruppe
Målgruppen for retningslinja er tenestene som har ei rolle i tilbodet tverrfagleg helsekartlegging:
- Leiarar og tilsette i kommunal barnevernteneste.
- Bufetat
- Kommunale helse- og omsorgstenester
- Fylkeskommunal tannhelseteneste
- Spesialisthelsetenesta
Retningslinja vil også kunna vere av interesse for born og unge som kan få tverrfagleg helsekartlegging og foreldra deira eller annan omsorgsperson som blir ramma av tilrådingane frå kartleggingane.