Ny rapport: Vedvarande lønnsforskjellar mellom menn og kvinner i Noreg
Publisert
– Rapporten viser at vi må ta i bruk fleire verkemiddel for å redusere forskjellane i løn mellom kvinner og menn, seier Anne Magdalena Solbu Kleiven, divisjonsdirektør for kunnskap og likestilling i Bufdir.
I rapporten kjem det mellom anna fram at menn tener i snitt 13 prosent meir enn kvinner i Noreg, og forskjellane har vart over tid. Ein stor del av lønnsforskjellane kjem av at dei mannsdominerte delane av arbeidsmarknaden i snitt har høgare timelønn enn dei kvinnedominerte. Ser vi på kvinner og menn som utfører same arbeid – altså som jobbar i same sektor, næring og yrke, har like lang utdanning og erfaring og liknande stillingsstorleik – er forskjellen 8 prosent. For kvinner og menn som i tillegg har same arbeidsgivar, er forskjellen 6 prosent. Forskjellane aukar med alder, og dei er større blant dei med barn (11–12 prosent) enn dei utan barn (3–4 prosent). Jo fleire barn ein har, jo meir aukar også lønnsgapet.
ISF har utarbeidd rapporten på oppdrag frå Bufdir, finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet. Rapporten kan lesast i sin heilskap her.
Meir utdanning, større forskjellar
Kvinner har i gjennomsnitt lengre utdanning enn menn og dei tek også meir utdanning i dag samanlikna med 2015. Kvinner med lengre utdanning tener betre enn kvinner utan høgare utdanning. Lønnsforskjellane mellom kvinner og menn med høg utdanning er likevel mykje større enn lønnsforskjellane mellom kvinner og menn generelt.
– Rapporten viser at kvinner tek utdanningar og jobbar innanfor fagfelt med lågare gjennomsnittslønn. Tek du ei mastergrad innanfor finans eller eit teknisk fag, vil det økonomisk sett lønne seg mykje meir enn viss du tek ei mastergrad innanfor helse og omsorg, seier Kleiven.
«Mannstypisk» og «kvinnetypisk» arbeid blir lønt ulikt
Rapporten deler inn yrke i kvinnedominerte, mannsdominerte og kjønnsbalanserte og undersøker korleis faktorar som ansvar, kompetanse og belastningar blir reflekterte i lønna til yrka. På denne måten har forskarane undersøkt det som i lovverket blir kalla arbeid av lik verdi. Her handlar det ikkje om økonomisk eller normativ verdi, men å samanlikne krav og forhold ved dei ulike yrka.
Forskarane finn at faktorar som kompetanse, fysiske anstrengingar, fysisk krevjande arbeidsforhold og psykiske belastningar i snitt blir lønte høgare i dei mannsdominerte yrka. Ansvar blir likevel lønt relativt likt i kvinne- og mannsdominerte yrke.
– Dette kan tyde på at mannstypisk og kvinnetypisk arbeid i samfunnet blir lønt ulikt, sjølv med liknande arbeidsforhold og samanliknbare krav, seier Kleiven.
Forskarane understrekar at når dei samanliknar yrke på denne måten, inneber det ei rekkje val og vektingar, og at rapporten derfor bør sjåast som utgangspunkt for vidare arbeid heller enn som ein konklusjon.
– Lønnskartlegging er nyttig for å få ned forskjellane på kvar enkelt arbeidsplass, men det er også behov for meir strukturelle løysingar og vi treng ein dialog med partane i arbeidslivet om korleis funna kan følgjast opp, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Bufdir vil støtte Kultur- og likestillingsdepartementet i dialogen med partane i arbeidslivet om korleis funna i rapporten kan følgjast opp.
Fakta:
Lønnsgapet i denne rapporten er rundt eitt prosentpoeng større enn det som er rapportert av Statistisk sentralbyrå (SSB). I hovudsak kjem dette frå ulike måletidspunkt og at lønnsmålet brukt i rapporten omfattar overtidsbetaling.