Ny rapport: Stine Sofie Senteret oppfyller føremålet sitt

Publisert
Stine Sofie Senteret er eit kurs- og meistringssenter for barn og unge som har vore utsette for vald og overgrep. Sysken og omsorgspersonar kan òg nytte tilbodet. Den ferske evalueringa av det statlege tilskotet fann at tilbodet ved Stine Sofie Senteret ser ut til å treffe behovet til valdsutsette barn og omsorgspersonane deira. Dermed oppfyller det føremålet med tilskotet om å tilby ein trygg samlingsstad der dei kan oppleve glede og meistring.
– Rapporten viser at Stine Sofie Senteret møter behovet barna og familiane deira har for tryggleik, emosjonell støtte, meistring og fellesskap. Det er gledeleg å sjå at deltakarane i all hovudsak har positive erfaringar med tilbodet, seier Camilla Kayed, avdelingsdirektør i avdeling for valdsførebygging.
Evalueringa er gjennomført på oppdrag for Bufdir av Fafo i samarbeid med Samfunnsøkonomisk analyse AS (SØA).
Ein stad for leik og alvor
Bakgrunnen for etableringa av senteret i 2016 var at tilsette i Stine Sofies Stiftelse såg eit behov for ein trygg samlingsstad for barn som har vore utsette for vald eller overgrep. Både barn som har vore utsette for eller vore vitne til vald eller overgrep og dei som har omsorg for dei kan søkje om opphald på senteret. I underkant av 500 barn gjennomfører årleg eit fem dagars kursopphald saman med dei som har omsorg for dei.
Senteret er ikkje eit behandlingstilbod, men skal gje barna og familiane deira et pusterom i kvardagen. Livsglede og "rock'n'roll" vert framheva som viktige moment i arbeidet ved senteret, og evalueringa viser at deltakarane stort sett er nøgde med tilbodet. Dei fleste barna er svært positive når dei fortel om erfaringane med opphaldet, samtidig som nokre barn strevar med å finne seg til rette.
Rapporten trekkjer fram nokre utfordringar når dei kjem heim igjen etter opphaldet. Ei av dei er at gode relasjonar som er skapte under opphaldet, vert brotne, ei anna er reaksjonar som kan oppstå hos barn og vaksne i ettertid. Rapporten anbefaler derfor å styrke den nødvendige oppfølginga på heimstaden etter opphaldet.
I tillegg vert det framheva at senteret kan jobbe for å bli meir tilgjengeleg for ei mangfaldig brukargruppe, og at senteret bør prioritere å nå ut med informasjon om tilbodet til fleire. Rapporten anbefaler òg myndigheitene å gjere tilbodet betre kjent gjennom dei kanalane dei har.
Evalueringar byggjer viktig kunnskap
Drifta av senteret er finansiert gjennom øyremerkte statlege tilskot, og målet med rapporten er å evaluere om tilskotet vert nytta i tråd med føremålet for tildelinga i statsbudsjettet.
– Det er viktig for oss i Bufdir at vi får kunnskap gjennom nettopp slike evalueringar for å sikre at statlege tilskot vert forvalta på best mogleg måte, seier Terje B. Grytten, avdelingsdirektør i avdeling for tilskot.
Evalueringa er tydeleg på at det statlege tilskotet til Stine Sofie Senteret vert nytta slik det var meint og på ein ressurseffektiv måte. Rapporten peikar også på at både Bufdir og Stine Sofie Senteret jobbar godt med å sikre ei open, etterprøvbar og effektiv forvaltning av dette tilskotet.
Rapporten skal elles brukast i oppfølginga Bufdir har vidare av Stine Sofie Senteret som mottakar av øyremerkte tilskot. Han skal òg brukast som kunnskapsgrunnlag i fleire andre arbeid Bufdir har.
Spørsmål fra media
Ta kontakt med Bufdirs pressekontakter.
E-post: media@bufdir.no
Pressetelefon: 404 49 555 (tar ikke imot tekstmeldinger)