Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Ny rapport: Bo-ordning må tilpassast kvart enkelt barn

Dei aller fleste barna er fornøgd med bu-ordninga si etter samlivsbrot og eit fleirtal vil bu like mykje hos begge foreldra. Det viser ny rapport frå Familieforsk-studien.

Publisert

– Forskarane poengterer likevel at dette ikkje nødvendigvis betyr at det vil vere best for alle barn å bu like mykje hos kvar av foreldra. Resultata viste at éi bu-ordning ikkje passar for alle familiar. Individuelle behov må vurderast i kvar familie, seier Anne Magdalena Solbu Kleiven, divisjonsdirektør i Bufdir.

Rapporten viser at 60% av barna ønskte å bu like mykje hos begge foreldra, 14% ønskte å bu mest hos éin, medan 17% sa det ikkje var så viktig for dei kvar dei budde. Dei fleste var fornøgd med bu-ordninga si, sjølv om det var ein tendens til at barna som budde like mykje hos begge foreldra var meir fornøgd (80 %), samanlikna med dei som budde mest hos éin forelder (58%).

Rapporten er utarbeidd av FHI på oppdrag frå Bufdir og inngår i Famileforsk-studien. Rapporten kan lesast i sin heilskap her.

Nyttig kunnskap

Forskarane har undersøkt korleis foreldre kan vareta barns behov når familien går gjennom vanskelege periodar, konfliktar og samlivsbrot. Gjennom familieverntenesta har forskarane rekruttert både barn og foreldre til å snakke om barns reaksjonar på familiekonfliktar, bustadløysingar etter brot og korleis foreldre og familievernet kan lytte til meiningane til barna når familieforholda er vanskelege.

– Studien gir nyttig kunnskap til familievernet. I samarbeid med spisskompetansemiljøet for vald og høgkonflikt og spisskompetansemiljøet for barn og unge i familievernet arrangerer vi derfor eit digitalt seminar for heile familieverntenesta 9. september, der forskarane vil presentere funn frå studien, seier Kleiven.

Studien viser også at dei fleste barna som deltok i samtalar på familievernkontor, opplevde dette som positivt. Likevel er det få barn som deltek, og forskarane meiner derfor at familiane bør få betre informasjon om tilbodet familievernet har til barn.

Resultata viser dessutan at det er forskjellar mellom oppfatningane til foreldra og barna av korleis barna har det, og at det er ein tendens til at foreldra undervurderer reaksjonane til barna på foreldrekonfliktar.