Ny rapport: Barn har behov for tryggleik og fleksibilitet, når dei skal spørja om hjelp

Publisert
Barn og unge ønskjer seg tenester som er fleksible og lett tilgjengelege, og kor dei sjølv har kontroll på kontakten. Dette er nokre av funna i ein ny rapport frå FHI, som ser på barn mellom 9 og 12 år sine behov og ønsker for hjelpetenester.
- Dette er viktige funn, når vi skal utvikla tenestetilbodet til denne gruppa, seier Anne Magdalena Solbu Kleiven, divisjonsdirektør i Bufdir.
Rapporten er den tredje og siste delstudien i eit forskingsprosjekt FHI har gjennomført på oppdrag frå Bufdir. Medan ung.no er eit populært tilbod til barn frå 13 år, finst ikkje eit tilsvarande kvalitetssikra og målgruppetilpassa tilbod til barna mellom 9 og 12 år.
Tryggleik er viktigast
Barn i denne aldersgruppa har ikkje nødvendigvis emosjonell kompetanse til å forstå eller språk godt nok til å setje ord på at dei treng hjelp. I studien har FHI derfor snakka med barn i aldersgruppa 9-12 om kva som er deira drøymeteneste, med ungdom om kordan dei har opplevd hjelpetenester når dei sjølv hadde behov for hjelp, og med tilsette i ulike hjelpetenester om korleis dei oppfattar behovet til barna dei er i kontakt med.
Sjølv om hjelpetenester finst, må barna ofte sjølv kjenne til tenesta og ta initiativ for å oppsøkja dei. Dette kan vera vanskeleg, spesielt viss dei ikkje veit kvar dei skal gå eller ikkje forstår at dei treng hjelp. Mange av barna og ungdommane meiner derfor at hjelpetenestene bør vera meir tilgjengelege og oppsøke barna der dei oppheld seg i kvardagen.
Ei anna sentral innsikt frå studien til FHI, var at barna har behov for å være trygge, for å tørre å spørje om hjelp. Denne tryggleiken kan komma av kjennskap til ein person eller teneste, men også av tillit til at informasjon blir handtert konfidensielt. Nokre barn føretrekkjer å snakka med ein dei kjenner, medan andre ønskjer anonymitet.
Mange av barna ønskte seg også ei fleksibel hjelpeteneste kor dei kunne velja mellom fleire ulike fysiske og digitale kontaktformer, og kor dei kunne etablere trinnvis kontakt ved til dømes kunne chatte digitalt før dei møttest ansikt-til-ansikt på skjerm eller fysisk. På denne måten kunne dei skape ein relasjon og bygge tillit.
- Det er lett å tenkja at alle ønskjer seg at alt er digitalt, men i denne studien ser vi at det ikkje stemmer for alle. Det viktigaste for barna er å møta ein vaksenperson som er trygg og har tid til dei, seier Solbu Kleiven.
Arbeid vidare
Saman med rapportane frå FHI, har Bufdir også sendt departementet anbefalingar for korleis ein bør jobba vidare med å møta barn mellom 9-12 års behov for hjelpe- og informasjonstenester. Der tilrår Bufdir blant anna å greia ut problemstillingar knytte til personvern og samtykkekompetanse og korleis ei innretning av fleksible hjelpetenester kan sjå ut, i tillegg til meir forsking på barna som ikkje blir nådde av dagens innretning av hjelpetenestene.
- Det er viktig å hugsa at barn er ulike, og også at det er stor skilnad på ein 9-åring og ein 12-åring. For å møta behova til barna på en god måte må vi ta oss tid til å forstå kva dei treng, og ta omsyn til denne variasjonen, avsluttar Solbu Kleiven.
Les meir
Les alle rapportane frå prosjektet