No kan du nominere Årets ungdomskommune 2025!

Publisert
Prisen, som deles ut annakvart år, heidrar kommunar som utmerker seg i arbeidet med å gi unge høve til påverke lokalmiljøa sine og medverke i utforminga av kommunepolitikken.
Vinnaren vil bli kåra under den nasjonale Ungdomskonferansen i Øystese 21.-23. september. Vinnarkommunen får 250 000 kroner til å fortsette det gode arbeidet for unge.
Kandidatane må ha utmerkt seg med eit særleg arbeid for unges rett til deltaking og medverknad i sin kommune. Medverknad frå unge er ein føresetnad for god, lokal ungdomspolitikk. For Årets ungdomskommune skal dei unges engasjement og synspunkt vere synlege i prosessar og vedtak.
Kven kan bli Årets ungdomskommune?
For å bli kåra til Årets ungdomskommune 2025, må kommunen ha:
- eit fungerande ungdomsråd
- avsett ressursar og etablert varige strukturar for inkludering og medverknad med unge som del av planane og arbeidsrutinane sine
- eit godt samarbeid på tvers av etatar og tenester
- tilbod og aktivitetar for ungdom som opplever utanforskap, som fell ut av skule, arbeidsliv, eller ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar.
Fristen for å nominere kommunar er 20. juni 2025. Du må grunngi nominasjonen. Grunngivinga bør ikkje omfatte meir enn tre A4-sider.
Viss kommunen sjølv ikkje står som søkar, vil Bufdir informere kommunen om at han er nominert.
Nominer ein kommune innen 20. juni 2025
Nominasjon til Årets ungdomskommune 2025 sendast elektronisk til postmottak@bufetat.no eller ved brev til:
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Postboks 2233
3103 Tønsberg