Fosterheim: Bufetat og Bufdir styrker støtta til kommunane

Publisert
I juni 2024 la regjeringa fram stortingsmeldinga «Fosterheim – ein trygg heim å bu i». Bufdir og Bufetat bidrog tungt inn i arbeidet med meldinga, som foreslår tiltak for å styrke kvaliteten, utvikle samarbeidet mellom stat og kommunane og få betre statistikk og styringsdata på feltet.
– Dette er ei etterlengta stortingsmelding med tiltak som vi har tru på vil gjere situasjonen betre, seier Bruusgaard, og viser til utfordringane skissert i stortingsmeldinga.
Dette er noko av det stortingsmeldinga peikar på:
- For få familiar vel å gå inn i prosessen for å bli fosterheim, mange familiar fell frå undervegs i rekrutteringsprosessen, og for få ønskjer nye oppdrag.
- Mange barn ventar for lenge på ein fosterheim og opplever ikkje stabilitet i ein viktig fase av livsløpet.
- Mange barn som flyttar i fosterheim, opplever ofte brot, at dei må flytte igjen.
- Mange, både barn i fosterheim og fosterforeldra deira, opplever at dei ikkje får nok støtte. Det gjeld også heimar i familie og nettverk.
- Fleirtalet av barn som skal i fosterheim må flytte ut av heimkommunen.
– Bufetat skal ikkje ta ansvar frå kommunane
Tiltaka Bufdir og Bufetat følgjer opp, er dei som ikkje krev lovendringar. Lovendringane kjem i den såkalla kvalitetsreforma, som regjeringa vil legge fram før påske.
Ansvarsfordelinga mellom stat og kommune ligg fast, og Bufetat skal ikkje overta kommunens arbeid, forklarer Bruusgaard:
– Når vi gir meir støtte, bidrar vi til å bygge kompetanse og auke kapasiteten i kommunane slik at det blir lettare å oppfylle ansvaret dei har.
Eit mest mogleg likt tilbod over heile landet
Tilbodet til kommunane skal vere basert på samarbeid, og det skal kunne tilpassast ut frå kommunane sitt behov for bistand. Tiltaka skal bidra til at barn som må bu i fosterheim, får eit tilbod i oppvekstkommunen, helst i sin eigen familie, nettverk og nærmiljø, med mindre omsynet til barnet tilseier noko anna. Støtta skal også gjere at kvaliteten og tilbodet i oppfølginga av barn og fosterheim blir meir likt over heile landet.
– Bufetat har god dialog og godt samarbeid med mange kommunar i dag. Men frå tilsyn og ulike utgreiingar veit vi at samarbeidet bør utviklast. Barna og fosterheimane må få like tilbod same kor i landet dei bur. For å få til dette må kommunar som ikkje har tilstrekkeleg tiltaksapparat eller kompetanse sjølve, nytte seg av tilboda når dei blir rulla ut, seier Bruusgaard.
Dette er tiltaka som Bufetat og Bufdir vil innføre for å styrke støtta til kommunane:
Rettleiingsprogram:
Rettleiingsprogram for tilsette som rettleiar fosterheim, med fokus på tilpassa rettleiing og å førebyggje at barn må flytte frå fosterheim til fosterheim.
Rekruttering i nærmiljøet til barna:
Ein samarbeidsmodell med kommunane for lokal rekruttering av fosterheim og forbetre samarbeidet i enkeltsaker.
Kompetanse- og tenestestøtte:
Eit tilbod for fag- og tenestestøtte som gir kommunane kompetansestøtte og sikrar likeverdige tilbod til barn og fosterheim.
Familieråd:
Styrke bruken av familieråd for å rekruttere og følgje opp fosterheimar, og for å auke fosterheim i familie og nære nettverk.
Tilbodet er venta å vere i full drift frå 2026.