Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Fritidskasser fører til meir aktivitet for barn og unge

Jente og gutt som klatrer i en klatrevegg
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har gjennomført ei avgrensa evaluering av fritidskasser. Evalueringa, utført av Rambøll Management Consulting, gir innsikt i korleis tilskotsordningane har fungert sidan innføringa.

Publisert

Bufdir har sidan 2022 forvalta to tilskotsordningar for lokale fritidskasser gjennom "Inkludering av barn og unge" og "Tilskot til fritidskasser i kommunane" (kun lyst ut ein gong). Føremålet med evalueringa har vore å undersøkje etablering og organisering av fritidskasser, bruken av tilskotsmidlar, samt samarbeidet mellom ulike aktørar som arbeider med inkludering av barn og unge.

Les meir om tilskota her:

God måloppnåing

Evalueringa viser at fritidskassene i stor grad når måla sine om auka deltaking i fritidsaktivitetar blant barn og unge. Kommunane og organisasjonane som nyttar fritidskassene rapporterer om positive erfaringar med låg administrativ byrde.

Til saman har det blitt etablert ca. 138 lokale fritidskasser gjennom dei to tilskotsordningane. Det er estimert at mellom 15 000 og 20 000 barn og unge har mottatt støtte til fritidsaktivitetar. Dei fleste kommunane har etablert tillitsbaserte og uformelle prosessar for å vurdere og handsame søknadar, noko som har bidrege til effektiv måloppnåing.

Evalueringa syner at 62 % av midlane går til deltakaravgifter i ulike fritidsaktivitetar, medan 15 % går til utstyr og 13 % til cup/leir. Det viser seg at større kommunar nyttar ein større del på utstyr og cup/leir samanlikna med mindre kommunar.

Ordninga har stimulert til auka samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar. Dette samarbeidet er spesielt viktig for å nå ut til målgruppa.

- Dette er motiverandre for oss som har arbeidet med tilskotsordninga inkludering av barn og unge. Målet med tilskot er at det skal ha effekt for målgruppa og i denne evalueringa får vi sterke indikasjoner på at midla gir tilbod som ellers ikkje hadde vore der, seier Terje B. Grytten, avdelingsdirektør i Bufdir.

Tilrådingar for tida som kjem

Basert på funn i evalueringa blir det tilrådd å auke informasjonen og kunnskapen om fritidskassene, spesielt i kommunar som enno ikkje nyttar ordninga. Bufdir bør òg vurdere å tilby meir støtte og rettleiing til kommunar for å hjelpe dei med å handtere søknadsprosessar og administrasjon meir effektivt. Godt samarbeid mellom kommunen og lokale aktørar er viktig. Kommunane bør syte for god dialog og tillit til dei som er i direkte kontakt med målgruppa. Dette bidreg til at ein når betre fram til målgruppa og kan redusere kommunane sitt administrasjonsbehov.

Evalueringa viser at fritidskassene er eit viktig verktøy for å sikre at barn og unge har moglegheit til å delta i meiningsfulle fritidsaktivitetar, noko som igjen kan bidra til å redusere utanforskap og auke livskvaliteten.

- Bufdir tar med seg funna og tilrådingane i denne avgrensa evalueringa når direktoratet skal evaluere tilskotsordninga inkludering av barn og unge i meir detalj. Denne evalueringa skal starte i 2025 og skal gje oss enda meir kunnskap og erfaringar for korleis andre aktivitetstypar og sjølve ordninga verkar og bør sjå ut framover, avsluttar Grytten.

For meir informasjon, kan du lese heile rapporten her.