Bufdirs nye, nasjonale rettleiingsfunksjon for saker om menneskehandel er no oppretta. Målet er å bidra til auka kompetanse i tenestene slik at fleire offer vert identifisert og får bistand og vern.

Den nasjonale rettleiingsfunksjonen er oppretta som følgje av eit oppdrag frå Barne- og familiedepartementet (BFD) i 2019. Rettleiingsfunksjonen rettar seg mot tenester som kjem i kontakt med mindreårige som er eller kan vere offer for menneskehandel. Rettleiingstenesta skal

  • gje råd og rettleiing i enkeltsaker til tilsette i tenesteapparatet, mellom anna barneverntenestene, politi og skule
  • bidra med kompetanseheving gjennom foredrag og opplæring
  • styrke samarbeidet og koordineringa mellom relevante tenester
  • dokumentere erfaringar og bidra til kunnskapsutvikling

Dei tilsette har kompetanse innan mellom anna jus, barnevern og migrasjons- og flyktningefeltet.

Ta kontakt med oss

Om du er i tvil om eller uroar deg for at ein mindreårig kan vere utsett for menneskehandel, oppmodar vi deg til å ta kontakt med oss på vakttelefon 466 15 000 eller e-post menneskehandel@bufdir.no. Ta òg gjerne kontakt med oss for å avtale foredrag og/eller opplæring for tilsette og leiarar. 

Vil du vite meir, kan du gå inn på nettsidene våre om menneskehandel.