Om tilskuddsordninga

  • Beløp (år): Løyvinga til driftstilskot blir først avklart etter at Stortinget har vedteke statsbudsjettet for 2022.
  • Søknadsfrist: Søknadsfrist for tilskot i 2022 er 15.9.2021. 
  • Rapporteringsfrist: Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga. Rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden.
  • Kven kan søkje: Frivillige og demokratiske nasjonale organisasjonar av og for funksjonshemma kan søkje om tilskot.
  • Regelverk for ordninga. NB! Merk at ordninga er gjort om til forskrift frå 2019. 
  • Søknadsskjema er tilgjengeleg i Bufdir sin søknadsportal.
  • Informasjon før søknadsfrist om driftstilskudd i 2022:
  • Informasjonsmøte før søknadsfrist om driftstilskudd i 2020: Videoopptak og presentasjon frå møtet 10. oktober 2019 ligg her:
Mål for ordninga

Føremålet med ordninga er å leggje til rette for deltaking i organisasjonen, og for at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gi eit tilbod til eigne medlemer.

Kunngjering for 2022

Kunngjering av statstilskot for 2022, kap. 0352 post 70 – tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

1. Viktig informasjon til alle søkjarar

Bufdir ber alle organisasjonar som skal søka driftstilskot i 2022 om å setja seg godt inn i det som står i denne kunngjeringa, særskilt punkt 3, punkt 4 (for dei som fekk tilskot i 2021) og punkt 5 (for dei som er nye søkjarar i ordninga). Hovudpunkt for søknaden er som følgjer:

  • Søknadsfrist er fastsett til onsdag 15. september.
  • Send inn søknad elektronisk via Bufdir sin digitale søknadsportal (sjå lenkje øvst på denne nettsida).
  • Det er fastsett eit nytt regelverk (ei forskrift) for tilskotsordninga som vart gjeldande frå og med tilskuddsåret 2020. Lenkje til forskrifta finst lengre oppe på denne nettsida.
  • I år er §47 lagt til i “Forskrifta for tilskudd til funksjonshemmedes organisasjoner”. Sjå punkt 3. Grunnlag og berekning av tilskot for 2022.

2. Formål og målgruppe

Målgruppa for tilskotsordninga er frivillige og demokratiske organisasjonar for funksjonshemma som baserer seg på individuelt medlemskap, og som jobbar mot diskriminering og for likestilling av personar med funksjonsnedsetjingar.

Formålet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at medlemmane i organisasjonen kan delta, og at organisasjonane kan driva interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje eit tilbod til eigne medlemmar. Sjå forskrifta § 1.

3. Grunnlag for berekning av tilskot for 2022

Kulturdepartementet har beslutta at følgjande tekst skal inn i Forskrift om tilskudd til funksjonshemmedes organisasjoner, § 47:

"For å beregne det variable tilskuddet i tilskuddsåret 2022, se §§ 18 og 19, benyttes poengsummene fra grunnlagstallene for hver organisasjon fra grunnlagsåret 2019. En organisasjon kan søke om å dispensere fra denne regelen dersom den har uvanlig lave grunnlagstall i 2019. Bufdir kan da benytte et gjennomsnitt av poengsummene for grunnlagsårene 2017-2019. Organisasjoner som ikke har mottatt tilskudd i tilskuddsårene 2017-2021, kan enten benytte grunnlagstallene i 2019 eller 2021.

For å beregne det variable tilskuddet i tilskuddsåret 2023 benyttes organisasjonenes beregningsgrunnlag i enten grunnlagsåret 2019 eller 2021. Organisasjonene kan selv velge hvilket år de vil bruke som grunnlagsår. Dersom en organisasjon har uvanlig lave grunnlagstall i 2019 og 2021, kan den søke Bufdir om å få bruke et gjennomsnitt av poengene for grunnlagsårene 2017 til 2019. Dersom dere ikke har mottatt tilskudd i tilskuddsårene 2017-2021, kan dere benytte grunnlagstallene i 2019 eller 2021."

For tilskuddsåret 2022 kan derfor organisasjonane som er godkjende for tilskot i ordninga velje om ein vil bruke grunnlagsåret 2019 eller om ein vil søke om å dispensere frå regelen og bruke eit gjennomsnitt av poengsummane for grunnlagsåra 2017-2019. Nye søkjarar kan enten bruke grunnlagstal for 2019 eller grunnlagstal for 2021.

Følgjande kriterium gjev derfor poeng i tilskuddsåret 2022 (sjå forskrifta § 19):

  • talet på teljande medlemmar
  • talet på teljande lokallag
  • talet på aktivitetsdagar med teljande likepersonsaktivitetar
  • talet på teljande likepersonar
  • andre former for erfaringsutveksling (m.a. likepersonstelefon)

Tilskotet blir rekna ut etter ein modell der det vert tildelt poeng basert på dei nemnde kriteria, som så vert gonga med ein faktor basert på gruppeplassering. Kvart poeng får deretter ein kroneverdi basert på den totale summen poeng for alle tilskotsmottakarane delt på den totale summen tilskot til fordeling. Sjå forskrifta §§ 17-20.

4. Informasjon til organisasjonar som fekk driftstilskot i 2021

Utfasingstilskot
Organisasjonar som ikkje lenger tilfredsstiller inngangskrava i ordninga (minst 250 medlemmar og/eller medlemmar i minst fire fylke) og som heller ikkje kan søka unntak på grunnlag av at ein organiserer ein sjeldan diagnose, kan i staden søka om utfasingstilskot. Dette er eit eige val i søknadsskjemaet. Utfasingstilskotet blir rekna ut likt som for ordinære tilskotsmottakarar og vert gjeve for ein periode på inntil tre år. Sjå forskrifta § 25. Organisasjonar kan bli plasserte på utfasingstilskot av Bufdir sjølv om ein ikkje søker om dette, dersom ein ikkje tilfredsstiller dei tidlegare nemnde inngangskrava.

Vedlegg til søknaden og ettersending
Sjå nærare informasjon om dette under «Korleis søkje» lengre nede på denne nettsida. Ettersendingar vert ikkje godteke med mindre det finst særskilde omstende for dette.

5. Informasjon til organisasjonar som ikkje fekk driftstilskot i 2021 (nye søkjarar)

Tilskotsrett
Søknaden dykkar vil i tillegg til å vera ein søknad om driftstilskot vera ein søknad om retten til tilskot, og ein må tilfredsstille alle krava i forskrifta § 14. Desse er:

  • Organisasjonen må ha minst 250 teljande medlemmer og teljande medlemmer må ha bustadadresse i minst fire fylke. Sjå forskrifta § 14 bokstav a og b. Organisasjonar som organiserer personar med sjeldne diagnosar kan få unntak frå dette kravet. Sjå forskrifta § 15.
  • Organisasjonen må ha eksistert i to år og må kunne dokumentere dette gjennom årsmelding og revidert årsrekneskap for dei siste to åra før søknadsåret, dvs. 2019 og 2020. Sjå forskrifta § 14 bokstav o.
  • Organisasjonen må gjennom vedtektene sine sikra at personar med funksjonsnedsetjingar og deira pårørande har fleirtal i alle styrande organ nasjonalt, regionalt og lokalt. Sjå forskrifta § 14 bokstav k.
  • Medlemmane til organisasjonen skal hovudsakeleg vere personar med funksjonsnedsetjingar og/eller deira pårørande. Organisasjonen skal ha som formål å betre levevilkår for personar med funksjonsnedsetjingar, og medlemmane skal vera representative og jobba for samfunnsmessig likestilling for gruppa ein organiserer. Sjå forskrifta § 14 bokstav c, d, e og f.
  • Organisasjonsverksemda kan ikkje vera i strid med norsk lov. Sjå forskrifta § 14 bokstav h.
  • Organisasjonen må drive på eit ideelt og ikkje-kommersielt grunnlag og ha ei medlemsbasert, demokratisk oppbygging. Sjå forskrifta § 14 bokstav g, i, j, l, m og n.
  • Organisasjonen må ha organisasjonsnummer, dvs. at han må vere registrert i Enhetsregisteret. Sjå forskrifta § 14 bokstav p.

Vedlegg til søknaden og ettersending
Sjå nærare informasjon om dette under «Korleis søkje» lengre nede på denne nettsida. Dersom nye søkarar ønskjer å bruke grunnlagsåret 2021, kan oppdaterte tal ettersendast på epost til tilskudd@bufdir.no etter 31.12.2021. Andre ettersendingar vert ikkje godteke med mindre det finst særskilde omstende for dette.

Dispensasjonar
Bufdir kan i særskilde tilfelle gjera unntak frå kravet om at organisasjonen må ha vore i drift i minst to år. Søkjar må i dette tilfellet legga ved ei grunngjeving i søknaden om kvifor ein skal ha slik dispensasjon. 

Målgruppe

Målgruppa for tilskotsordninga er medlemmane i funksjonshemma sine organisasjonar.

Kva kan eg søkje om tilskot til?

De kan søkje om driftstilskot. Driftstilskot skal gå til oppgåver som normalt er ein del av den interne og eksterne kjerneverksemda i organisasjonane i samsvar med vedtekter, føremål og aktivitetsplanar.

Korleis søkje?

Søk om tilskot ved å fylle ut og sende inn skjema i Bufdir sin søknadsportal. Altinn-skjema skal ikkje lenger nyttast.

  • Ha nødvendige vedlegg klare til opplasting når de set i gang søknadsutfyllinga.

Vedlegg til søknad

For alle søkjarar:

  • Årsrekneskap for grunnlagsåret med revisjonsmelding, og ei oversikt spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmelding for grunnlagsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i grunnlagsåret og skal normalt vera styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter. Dersom desse er endra sidan sist søknad skal vedtektsendringar vera markerte i dokumentet.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldinga under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje naudsynt å leggja dette ved separat.
  • NB! Krav om særattestasjon frå revisor er fjerna frå 2019.

For nye søkjarar:

  • Årsrekneskap for grunnlagsåret med revisjonsmelding, og ei oversikt spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmeldinga for grunnlagsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i året før grunnlagsåret og skal normalt vera styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter for organisasjonen.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldingane under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje naudsynt å leggja dette ved separat.

Kven skal sende inn søknaden

Dagleg leiar eller styreleiar i organisasjonen, eventuelt ein annan person styret har gjeve fullmakt (dagleg leiar eller styreleiar må i så fall signera eit fullmaktsskjema som må lastast opp saman med søknaden, slik at ein følgjer signaturreglane etter regelverket). Sjå forskrifta § 28. Skjemaet finn de under "malar og skjema" nedanfor på denne sida.

Eg har sendt inn søknad. Kva no?

Saksgang

Når søknadsfristen går ut, vil vi setje i gang med saksbehandlinga. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for korreksjonar og ettersendingar.

Når og korleis får eg vite om eg får tilskot?

Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga i februar månad, og at tilskots- og avslagsbrev og utbetaling vil kunne sendast ut i slutten av februar. Dette vil likevel kunne variere noko frå år til år.

Høve til å klage – korleis klagar eg?

Det vil følgje med informasjon om korleis de kan klage på vedtak i vedtaksbrevet de får. Normalt er klagefristen tre veker frå de får brevet.

Ofte stilte spørsmål og presedensarkiv

Det er frå 2019 ei ny forskrift for ordninga og derfor ikkje lengre eit eige dokument med ofte stilte spørsmål eller eit presedensarkiv.

Malar, skjemaer og andre tips

Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga då rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden. Rapporteringsfrist er dermed det same som søknadsfristen.

Rapporteringa skal leggjast ved søknaden og består av organisasjonane sine årsmeldingar og årsrekneskapar. Årsrekneskapen skal leverast med revisjonsmelding frå registrert eller statsautorisert revisor. Rekneskapen må vere spesifisert slik at det går fram at tilskotet er nytta etter føresetnadene.

Malar for årsrapport og likepersonsaktivitetar

Særattestasjon for søknad om tilskudd

Dette er fjerna frå 2019.

Fullmaktsskjema for signering av søknad

Dersom ein annan enn styreleiar eller dagleg leiar sender inn søknaden i søknadsportalen, skal det leggjast ved fullmakt. Nedanfor er eit standardskjema for slik fullmakt. Du kan gjerne nytte eige skjema eller oppsett - men dette må då innehalde dei same opplysningane som malen gjer: Namn på den som får fullmakta, namn (og gjerne organisasjonsnummer) på organisasjonen og dato og signatur frå den som gjev fullmakta (dagleg leiar eller styreleiar).

Likepersonsarbeid

ADHD Norge, i samarbeid med FFO og Dysleksi Norge, har utarbeidet to korte animasjonsfilmer som omhandler likepersonsarbeid. Hva er en likeperson tar for seg hva det vil si å være likeperson og Likepersonsrapportering tar for seg regelverket for rapportering av likepersonsrapporter. Bufdir anbefaler disse for organisasjoner som vil ha informasjon om temaene.

Ekspertutvalet

Ekspertutvalet er oppnemnt av Bufdir og skal hjelpe med råd i saksbehandlinga av tilskotsrett for nye søkjarar i ordninga og vurderingar av gruppeplassering.

Kontakt oss