I dei fleste tilfelle av vald er utøvaren ein mann. Menn vert oftare utsette for vald frå ein ukjend utøvar, medan kvinner oftare kjenner valdsutøvaren. Kvinner er meir utsette for vald og trugslar frå familiemedlemar.

Hovedpunkter

I halvparten av valdstilfella melde til politiet er utøvaren ukjend

Menn er utøvarar i 99 % av valdtekter melde til politiet

I 86 % av valdtektene melde til politiet kjenner den utsette kvinna overgriparen

Relasjonen mellom utsette og utøvarar: vald og trugslar om vald

Menn er i større grad utsette for vald frå ein ukjend utøvar enn kvinner

I 44 % av valdstilfella mot menn og i 13 % av høva mot kvinner var utøvaren  ein ukjend person. Generelt er menn meir utsette for vald frå ein ukjend utøvar enn det kvinner er

Kvinner er meir utsette for trugslar om vald frå familiemedlemar enn menn

Om lag kvar fjerde kvinne som har vore utsett for trugsel om vald, og nær kvar tiande mann, var truga av ein familiemedlem eller ein slektning.

Kvinner og menn er utsette for vald frå familiemedlemar i nær same grad

Levekårsundersøkinga frå 2018 viser at i 25 % av valdstilfella mot kvinner og 4 % mot menn var utøvaren ein noverande eller tidlegare familiemedlem eller annan slektning. Thoresen og Hjemdal   finn at kvinner er meir utsette for alvorleg vald frå partnaren eller ein tidlegare partnar enn menn.

Les meir om vald i nære relasjonar.

Kvinner er oftare utsette for vald og trugslar frå kundar, klientar og pasientar enn menn

Kundar, klientar eller pasientar utøver 44 % av valdstilfella mot kvinner. Tilsvarande tal for menn er 22 %. Kvinner er òg mest utsette for trugslar frå desse gruppene. I ei undersøking finn Thoresen og Hjemdal   at mykje av den alvorlege valden retta mot kvinner vert gjord av kundar, klientar og pasientar. Samtidig viser ein ny analyse frå SSB at vald og trugslar i arbeidslivet ikkje er eintydig knytte til kjønn, men at det heller synest å vere ein sterk samanheng med yrkets kjønnsdominans. Menn og kvinner som er tilsette i kvinnedominert yrke er i omtrent like stor grad utsette for vald og trugslar om vald.  

Les meir om vald i arbeidslivet. 

Valdsutøvaren er mann i 4 av 5 tilfelle

I 79 % av vald- og trugselstilfella er det menn som utøver valden. Menn står bak 81 % av valden og trugslane mot kvinner, medan vald og trugslar mot menn blir utøvd av andre menn i 77 % av tilfella. I 84 % av tilfella av trugslar om vald retta mot kvinner, og i 79 % av tilfella mot menn, var det menn som truga. Forsking viser at valdsutøvarane i hovudsak er menn, men at kvinner òg utøver vald,  særleg vald som er karakterisert  som mindre alvorleg vald

Relasjonen mellom utsette og utøvarar: seksuell vald

Menn gjer dei fleste seksuelle overgrepa

Sidan 2011 har utøvaren  vore mann i om lag 99 % av valdtektene  melde til politiet, men i 2017 gjekk prosentdelen ned til 98 %. Ei undersøking frå 2014 underbyggjer denne statistikken sidan ho finn at det mest berre er menn som utøver valdtekt mot kvinner (98 %), og at det var menn involverte i valdtekt mot menn i 3 av 4 tilfelle

Kvinner utsette for valdtekt kjenner ofte utøvaren

Thoresen og Hjemdal   finn i ein studie at kvinner utgjer 98 % av dei som oppgjev å vere utsette ​ for valdtekt. Statistikken over valdtekter melde til politiet viser ei liknande kjønnsfordeling; kvinner utgjer om lag 95 % av dei utsette i valdtektene melde til politiet.

86 % av dei valdtektsutsette kvinnene i Thoresen og Hjemdals   studie kjente overgriparen. Ifølgje statistikken frå politiet hadde utøvaren og utsette over 14 år ein relasjon (noverande eller tidlegare partner) i 17,3 % av valdtektstilfella meldt til politiet. I 23,3 % av valdtektene melde til politiet i 2018 var utøvaren ein ven eller kjend person. Festrelatert valdtekt utgjer 42,3 prosent av alle valdtekter av personar over 14 år. Ofte er både utøvaren og den utsette i denne kategorien unge, i alderen 16–22 år. Andre familiemedlemar utgjorde 1,3 % av utøvarane. 

Drap

Menn gjer flest drap

Sidan 2006 har menn gjort 8 av 10 drap. I 2017 var 26 av 29 gjerningspersonar menn. Omtrent 85 % av gjerningspersonane kjende offeret, og omtrent 46 % var i en nær relasjon til offeret

Vald og overgrep i nære relasjonar

2 av 3 utsette for mishandling i nære relasjonar er kvinner

I 2019 registrerte politiet 2 872 kvinner og 1 620 menn som utsette i tilfelle av vald i nære relasjonar  ​melde til politiet. Talet på tilfelle av vald i nære relasjonar melde til politiet og talet på utsette i slike saker har auka kvart år sidan 2006, og nådde ein topp i 5 051 personar i 2017. Siden 2017 har talet  for slike saker gått noko ned. Før 2006 var det ikkje mogleg å melde mishandling i familieforhold til politiet som eige saksforhold. Da blei saker av denne typen registrerte som husbråk eller vald. Ein analyse frå SSB viser at ein konsekvens av å innføre mishandling i familieforhold som eigen sakskategori, var at talet på kvinner som blei registrerte som offer for vald, auka med 17 % frå 2005 til 2010. Omtrent alle var vaksne kvinner.  

Sidan 2010 har det meste av auken i talet på utsette i melde saker om mishandling i nære relasjonar vore i aldersgruppa 0–19 år. Talet på utsette i denne aldersgruppa tredobla seg nesten mellom 2010 og 2019, til over 2890. Det var særleg i aldersgruppa 0–9 år at auken har vore kraftigast med nesten ei firedobling sidan 2010 frå 500 i 2010 til 1 890 i 2019. I aldersgruppene 20 og oppover har tala vore stabile sidan 2010. Med andre ord har all auken i talet på utsette for mishandling i nære relasjonar sidan 2010 skjedd i aldersgruppa 0–19 år.

3 av 4 sikta for vald i nære relasjonar er menn

I 2018 blei 432 personar sikta av politiet for vald i nære relasjonar; 329 av dei var menn og 103 kvinner. Kvinner utgjorde 11 % av dei sikta i 2010. Denne delen auka fram til 2012 og har sidan lege stabilt på omkring 20 %. I 2019 var delen kvinner blant dei som politiet sikta for vald i nære relasjonar nesten 24 %.

Jenter er meir utsette for psykisk vald frå føresette

Ein studie av unge i alderen 16 og 17 år fann at 10 % av jentene og 3 % av gutane hadde opplevd psykisk vald frå føresette I ein studie av vaksne svarte 15 % av kvinnene og 11 % av mennene at dei hadde opplevd psykisk vald frå ein føresett i oppveksten.  

Forsking viser at psykisk vald frå føresette er ei alvorleg belasting for barn, på lik linje med fysisk og seksuell vald. Graden av alvor i den psykiske valden avheng av graden av opplevd krenking, lengda på valdsforløpet og frekvens. Psykisk vald frå føresette, på same måte som fysisk vald frå føresette, bidreg til ein auka risiko for psykiske helseproblem

Hjelp ved vald og overgrep

Kjelder

Kripos (2015). Nasjonal drapsoversikt 2014. Oslo: Kripos

Kripos (2020). Nasjonal drapsoversikt 2019. Oslo: Kripos

Kripos (2019). Voldtektssituasjonen i Norge 2018. Oslo: Kripos

Kripos (2017). Nasjonal drapsoversikt 2016. Oslo: Kripos

Mossige, S., og Stefansen, K. (2016). Vold og overgrep mot barn og unge. Omfang og utviklingstrekk 2007-2015. Oslo: NOVA

Myhre, M., Thoresen, S., og Hjemdal, O. (2015). Vold og voldtekt i oppveksten. En nasjonal intervjuundersøkelse av 16- og 17-åringer. Oslo: NKVTS

Politiet (2016). Anmeldt kriminalitet og straffesaksbehandling 2015. Kommenterte STRASAK-tall. Oslo: Politiet

Prop. 12 S (2016-2017). Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017-2021). Oslo: Barne- og likestillingsdepartementet

SSB (2015). Anmeldte lovbrudd, 2014. Hentet 21/10/2016. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

SSB (2016). Utsatthet og uro for lovbrudd, levekårsundersøkelsen, 2015. Hentet 03/11/2016. Oslo/Kongsvinger: SSB

SSB (2017).  Færre tyveriofre, men flere utsatte barn i anmeldelsene. Hentet 23/11/2017. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

Stene, R.J. (2014). Mindre del av befolkningen utsatt. Samfunnsspeilet 2014(5)

Stene, R.J., Thorsen, L. & Lid, S. (2009). Kriminalitet og rettsvesen 2009. Statistiske analyser 110. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

Straffeloven (2005). Hentet 22/09/2016. Oslo: Lovdata

Thoresen, S., & Hjemdal, O. K. (2014). Vold og voldtekt i Norge. En nasjonal forekomsstudie i et livsløpsperspektiv. NKVTS Rapport 2014(1). Oslo: NKVTS

Thoresen, S., & Myhre, M. C. (2016). Tiden leger ikke alle sår. Vold og traumer i et livsløpsperspektiv. I Øverlien, Hauge, & Schultz, Barn, vold og traumer. Møter med unge i utsatte livssituasjoner. Oslo: Universitetsforlaget

Thoresen, S., Myhre, M., Wentzel-Larsen, T., Aakvaag, H. F., & Hjemdal, O. (2015). Violence against Children, Later Victimisation, and Mental Health: A Cross-Sectional Study of the General Norwegian Population. European Journal og Psychotramatology