Vald er eit stort og alvorleg samfunnsproblem og ei utfordring for likestillinga mellom kvinner og menn. Kunnskap om omfanget av vald er viktig for at effektive og målretta tiltak mot vald skal kunne setjast i verk. Menn og kvinner blir utsett for ulike typar vald og i ulike samanhengar. Derfor er det viktig å sjå på valden i eit kjønnsperspektiv.

Hovedpunkter

Menn blir i større grad enn kvinner utsett for fysisk vald av ein ukjend utøvar

Kvinner blir i større grad enn menn utsett for vald i nære relasjonar

Menn er i større grad enn kvinner utøvarar av alvorleg og seksuell vald

Kva er vald?

Verdas helseorganisasjon (WHO) definerer vald som:

  • «forsettleg bruk, eller trugsel om bruk, av fysisk makt eller tvang, retta mot ein sjølve, ein annan person eller ei gruppe av personar, som anten ender i, eller har høgt sannsyn for å ende i, død, fysisk eller psykisk skade, eller mangelfull utvikling»

WHO deler valden inn i fysisk, psykisk og seksuell vald og omsorgssvikt Det er vanleg å skilje mellom ulike samanhengar eller relasjonar der valden skjer, fordi det kan gje oss viktig informasjon om kvifor vald oppstår, korleis han utartar seg og kva konsekvensar han har. Det er relevant å skilje mellom vald som blir utøvd innan familien av eit eller fleire familiemedlemer eller ein noverande eller tidlegare partnar, og vald som blir utøvd utanfor familiesfæren av kjende eller framande.

Eit kjønnsperspektiv på vald

Kvinner er mykje meir utsett for valdtekt og andre seksuelle overgrep enn menn. Kvinner er meir utsett for alvorleg vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar enn menn. Les meir om vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar.

Kvinner kjenner også større uro for vald og trugslar i sitt nærmiljø enn menn. Kvinner oppgjev at dei blir utsett for vald på arbeidsplassen oftare enn menn. Kvinner blir òg utsett for meir seksuell trakassering enn menn i arbeidslivet. Les meir om vald i arbeidslivet.

Menn er i større grad enn kvinner utsett for fysisk vald frå framande.  Forsking viser at kvinner har ei større total valdsbelasting enn menn, mest fordi fleire kvinner enn menn blir utsett for alvorleg vald og seksuelle overgrep frå partnar Menn er utøvarar av vald i større grad enn kvinner, særleg alvorleg og/eller seksuell vald. 

Vald frå barndom til vaksen

Vald er alvorleg, både som hending i seg sjølv, og fordi han gjer at den som blir utsett er meir sårbar for å bli utsett for nye valdshendingar. Både kvinner og menn som har opplevd vald og overgrep i barne- og ungdomsåra, blir oftare enn andre utsett for vald og/eller overgrep seinare i livet. Dette blir omtala som reviktimisering

SSB si levekårsundersøking og tal frå kriminalstatistikken viser òg at personar som blir utsett for vald eller trugslar om vald, i gjennomsnitt opplever meir enn eitt tilfelle av vald eller trugslar

Korleis måle vald

Kriminalstatistikk dokumenterer omfanget av kriminelle handlingar som blir meldt til politiet, og handsaminga til politiet og påtalemyndighetene av saka. Mange former for lovbrot blir aldri meldt til politiet Dette gjeld også former for vald og overgrep

Valdshendingar som ikkje blir meldt til politiet, er ein del av det som blir omtala som «mørketal». På grunn av mørketal, er kriminalstatistikken lite egna til å seie noko sikkert om utbreiing og omfang av vald og overgrep sett under eitt

Mørketala er truleg særleg store for vald i nære relasjonar og anna vald der utøvaren er kjend av den som blir utsett for vald Det er usikkert om eit auka tal på registrerte hendingar i kriminalstatistikken inneberer at det skjer meir vald, eller om det er eit resultat av ein meir intensiv innsats frå politiet Auka vissheit i samfunnet om kva som er eit lovbrot, kan virke inn på tilbøyelegheita til å melde saka til politiet

SSB si undersøking av folks levekår er ei viktig kjelde til kunnskap om vald, men manglar utdjupande informasjon om type valdshandling og om seksuelle overgrep

Spørjeundersøkingar bidrar til et nyansert bilde av omfanget av vald i samfunnet og ymtar om storleiken på mørketala Ei svakheit ved å nytte spørjeundersøkingar er utfordringa med å få personar som har blitt utsett for vald og/eller overgrep til å ta del i undersøkinga. Andre utfordringar er høgt fråfall og at deltakarane har ulike forståingar av spørsmål og definisjonar av vald og overgrep

Hjelp ved vald og overgrep

Kjelder

Nilsson, G. & Lövkrona, I. (2015). Våldets kön. Kulturella föreställningar, funktioner och konsekvenser. Lund, Sverige: Studentlitteratur

Kirsebom, B. M., Vatnar, S. K., & Bjørkly, S. (2014). Partnervoldserfaringer. Helseplager, skyld, skam og ansvarsattribuering. Tidsskrift for Norsk psykologforening, 51(11), s. 951-959

Kripos (2016). Seksuelle overgrep mot barn under 14 år. Oslo: Kripos

Meld. St. 15 (2012–2013). (u.d.). Forebygging og bekjempelse av vold i nære relasjoner – Det handler om å leve. Oslo: Justis- og beredskapsdepartementet

Mossige, S., & Stefansen, K. (2007). Vold og overgrep mot barn og unge. En selvrapporteringsstudie blant avgangselever i videregående skole. Oslo: NOVA

NKVTS (2015). Vold, helse og reviktimisering – En longitudinell studie. Hentet 23/11/2016. Oslo: NKVTS

Pape, H., & Stefansen, K. (2004). Den skjulte volden? En undersøkelse av Oslobefolkningens utsatthet for trusler, vold og seksuelle overgrep. Oslo: NKVTS

Prop. 12 S (2016 – 2017). (u.d.). Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021). Oslo: Barne- og likestillingsdepartementet

SSB (2015). Ofre for anmeldte lovbrudd, 2014. Hentet 02/11/2016. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

SSB (2016). Utsatthet og uro for lovbrudd, levekårsundersøkelsen, 2015. Hentet 11/02/ 2016. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

Stene, R.J. (2014). Mindre del av befolkningen utsatt. Samfunnsspeilet 2014(5)

Stene, R. J., Thorsen, L. R., & Lid, S. (2009). Kriminalitet og rettsvesen 2009. Statistiske analyser 110. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

Sætre, M. (2007). Analyser av kriminalitet. En innføring i data og metoder i samfunnsvitenskapelige og strategiske kriminalanalyser. Kristiansand: Høyskoleforlaget

Thoresen, S., & Hjemdal, O. K. (2014). Vold og voldtekt i Norge. En nasjonal forekomsstudie i et livsløpsperspektiv. NKVTS Rapport 2014(1). Oslo: NKVTS

WHO (2002). World Report on Violence and Health. Geneve, Sveits: World Health Organization