Sjølv om kvinner fekk stemmerett i 1913 var ikkje valdeltakinga lik blant kvinner og menn før i 1985. Ved Stortingsvalet i 2017 var det litt høgare valdeltaking blant kvinner enn blant menn. Høgast valdeltaking er det blant kvinner og menn med høgare utdanning. Lågast valdeltaking har unge menn og eldre kvinner.

Hovudpunkter

Det er i dag høgare valdeltaking blant kvinner enn blant menn

Unge menn og eldre kvinner har lågast valdeltaking

Blant kvinner og menn med universitets- og høgskoleutdanning er det tilnærma lik valdeltaking på 90 %

Valdeltaking ved stortingsval

Høgast valdeltaking blant kvinner

Kvinner fikk allmenn stemmerett ved stortingsval i 1913. Det er i dag høgare valdeltaking blant kvinner enn blant menn. Sidan midten av 1950-åra har forskjellen i valdeltakinga blant kvinner og menn vore under 5 prosentpoeng Ved stortingsvalet i 2017 var forskjellen på 3 prosentpoeng. 

Lågast valdeltaking blant unge menn og eldre kvinner

Lågast valdeltaking er det blant menn mellom 20-24 år (59 %) og kvinner som er 80 år eller eldre (64 %). Kjønnsskilnaden er størst i dei yngste og dei eldste aldersgruppane. Kvinner har mellom 10 og 11 prosentpoeng høgare valdeltaking i aldersgruppane 18-19 og 20-24 år. Menn som er 80 år og eldre har 13 prosentpoeng høgare valdeltaking enn kvinner i samme alder. 

Minst forskjell i valdeltaking mellom kvinner og menn med høgare utdanning

Blant kvinner og menn med universitets- og høgskoleutdanning er det tilnærma lik valdeltaking på om lag 90 %. Størst kjønnsskilnad er det mellom menn og kvinner med grunnskule som høgaste oppnådde utdanning. I denne gruppa har kvinner 5 prosent høgare valdeltaking enn menn. 

Les om innvandraras valdeltaking her.

Valdeltaking ved kommunestyre- og fylkestingsval

I 1901 fekk kvinner kommunal stemmerett i avgrensa omfang. I 1910 ble det innført allmenn stemmerett ved kommuneval, og kvinner kunne stemme på lik linje med menn. 

Kvinner har høgast valdeltaking ved kommuneval

Kvinner hadde høgare valdeltaking enn menn ved kommune- og fylkestingsvalet i 2019 i alle aldersgrupper, bortsett fra dei som er 67 år eller eldre. Blant kvinner var det høgast valdeltaking i aldersgruppene 45-66 og 67-79 år, kor høvesvis 74 % og 78 % av kvinner røysta. Blant menn er det også aldersgruppa 67-79 år som har høgast valdeltaking ved kommuneval (andel). 

Les om innvandraras valdeltaking her.

Deltaking i politikken

Menn og kvinner røyster ulikt

Både i stortings- og kommunestyre- og fylkestingsvala har kvinner ein tendens til å stemme på partia på venstresida, medan fleire menn støtter høgresida.

Ved stortingsvalet i 2017 røysta 41 % av kvinner på Arbeiderpartiet, SV eller Raudt, og nesten halvparten av menn, 46 %, stemte anten på Høgre eller FrP. Det var likevel også mange menn som røysta Arbeiderpartiet (24 %) og til saman røysta 30 % av menn på Arbeiderpartiet, SV eller Raudt.

I kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 stemte 38 % av kvinner på eit av partia på venstresida, mens 18 % av kvinner stemte Høgre. 30 % av menn stemte SV, Raudt eller Arbeiderpartiet i dette valet, og 22 % stemte på Høgre. Høgre var dermed partiet med nest mest røyster frå menn, etter Arbeiderpartiet som 23 % av menn røysta på.

I Noreg, og i fleire andre land, var det fram til 1980-talet ein større andel menn enn kvinner som stemte på partia på venstresida, og ein større andel kvinner enn menn som stemte på partia på høgresida. Forskarar har foreslått at årsaka til at kvinner før stemte meir konservativt enn menn er at kvinner i større grad enn menn var religiøse, at dei var prega av dåtidas tradisjonelle kjønnsroller og at det var særleg overklassekvinner som røysta ved val. Forskningen har også peika på at den nyare tendensen til at kvinner røystar på partia på venstresida skyldast auka yrkesaktivitet blant kvinner, og kvinnerøysla  

Menn er litt meir aktive i arbeid for å påverke politikken

Ein større andel menn har skrive innlegg i avis, tidsskrift eller på internett og har kontakta politikarar eller offentleg tenestemann for å påverke ei sak. Meldingar på sosiale medier, som Facebook og Twitter, er ikkje rekna som å skrive eit innlegg på internett. Like mange menn og kvinner har ytt frivilleg innsats i parti, organisasjon eller gruppe, men deltaking i demonstrasjon er noko meir vanleg blant kvinner. 

Kjelder

Bergh, J. (2008). Årsaker til kjønnsforskjeller i stemmegivning. Tidsskrift for samfunnsforskning 2008 (3)

Kleven, Ø. (2017). Stemmeberettigede, valgordninger og valgdeltakelse siden 1815. Oslo/Kongsvinger: Statistisk sentralbyrå

Kontakt

Anna Harnæs Foss
Seniorrådgiver