2 av 3 utsette for mishandling i nære relasjonar er kvinner

I 2019 registrerte politiet 2 872 kvinner og 1 620 menn som utsette i tilfelle av vald i nære relasjonar  ​melde til politiet. Talet på tilfelle av vald i nære relasjonar melde til politiet og talet på utsette i slike saker har auka kvart år sidan 2006, og nådde ein topp i 5 051 personar i 2017. Siden 2017 har talet  for slike saker gått noko ned. Før 2006 var det ikkje mogleg å melde mishandling i familieforhold til politiet som eige saksforhold. Da blei saker av denne typen registrerte som husbråk eller vald. Ein analyse frå SSB viser at ein konsekvens av å innføre mishandling i familieforhold som eigen sakskategori, var at talet på kvinner som blei registrerte som offer for vald, auka med 17 % frå 2005 til 2010. Omtrent alle var vaksne kvinner.  

Sidan 2010 har det meste av auken i talet på utsette i melde saker om mishandling i nære relasjonar vore i aldersgruppa 0–19 år. Talet på utsette i denne aldersgruppa tredobla seg nesten mellom 2010 og 2019, til over 2890. Det var særleg i aldersgruppa 0–9 år at auken har vore kraftigast med nesten ei firedobling sidan 2010 frå 500 i 2010 til 1 890 i 2019. I aldersgruppene 20 og oppover har tala vore stabile sidan 2010. Med andre ord har all auken i talet på utsette for mishandling i nære relasjonar sidan 2010 skjedd i aldersgruppa 0–19 år.

3 av 4 sikta for vald i nære relasjonar er menn

I 2019 blei 334 personar sikta av politiet for vald i nære relasjonar; 254 av dei var menn og 80 kvinner. Kvinner utgjorde 11 % av dei sikta i 2010. Denne delen auka fram til 2012 og har sidan lege stabilt på omkring 20 %. I 2019 var delen kvinner blant dei som politiet sikta for vald i nære relasjonar 24 %.

Jenter er meir utsette for psykisk vald frå føresette

Ein studie av unge i alderen 16 og 17 år fann at 10 % av jentene og 3 % av gutane hadde opplevd psykisk vald frå føresette I ein studie av vaksne svarte 15 % av kvinnene og 11 % av mennene at dei hadde opplevd psykisk vald frå ein føresett i oppveksten.  

Forsking viser at psykisk vald frå føresette er ei alvorleg belasting for barn, på lik linje med fysisk og seksuell vald. Graden av alvor i den psykiske valden avheng av graden av opplevd krenking, lengda på valdsforløpet og frekvens. Psykisk vald frå føresette, på same måte som fysisk vald frå føresette, bidreg til ein auka risiko for psykiske helseproblem