Her får du informasjon om ansvaret som ligger i sekretærrollen overfor rådet for personer med funksjonsnedsettelser.

Kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for dei administrative funksjonane for rådet, for eksempel å vareta sekretærfunksjonen.

Rådet for personar med funksjonsnedsetting skal få tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Oppgåvene til sekretæren er likevel ikkje detaljregulerte i kommuneloven eller forskrifta. Den enkelte kommunen og fylkeskommunen må konkret avklare kva som skal vere rolla og oppgåvene til sekretæren.

Under følger ei oversikt over eksempel på oppgåver som det kan vere formålstenleg at sekretæren for rådet får ansvar for, sidan det vil kunne sikre at rådet får tilstrekkeleg sekretarietshjelp:

  • Praktisk tilrettelegging og førebuing av møta
  • Praktisk gjennomføring av møta
  • Førebu saksliste og saksdokument og sende ut innkalling
  • Føre referat frå rådsmøta (i protokoll/møtebok)
  • Sørge for at rådet får nødvendig opplæring
  • Sørge for at rådet får nødvendig oppfølging undervegs
  • Vere bindeledd mellom ungdomsråd og administrasjon/politikarar
  • Vere støttespelar og rettleier for medlemmene i rådet

Kommunane eller fylkeskommunane vel korleis og kor sekretariatshjelpa til råda skal organiserast. Det varierer kven i avdeling sekretæren tilhøyrer. Plassering av sekretariatet ved rådmannskontoret vil kunne vere gunstig, men det er det opp til den enkelte kommunen og fylkeskommunen å avgjere.

Kva er ditt ansvar?

Som sekretær for rådet har du ansvar for å førebu og følge opp møta til rådet, blant anna å skrive referat/føre protokoll frå rådsmøta, og å skrive høyringsinnspel basert på drøftingar i rådet.

Sekretæren bør også halde seg oppdatert om levekårsstatus for personar med funksjonsnedsetting i kommunen/fylkeskommunen og følgje med på nasjonalt og lokalt arbeid og politikk for å betre situasjonen for personar med funksjonsnedsettingar.

Kva er din rolle?

Di rolle er å sørge for at den einskilde rådsmedlemmen kan yte i rådsarbeidet.

Som sekretær for rådet har du ei viktig rolle i å sørge for at rammevilkåra til rådet blir best mogeleg. Det tyder for eksempel at du bør hjelpe til at rådet blir gjort kjend med moglegheitene og retten til å uttale seg. Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret og fylkestinget setter ned sekretariatet, fastsetter saksbehandlingsreglane og vedtek budsjettet for rådet (forskrift om medvirkningsordninger § 3).

Sekretæren kan hjelpe rådet med spørsmål og bidra til at rådet blir gjort kjend med rettane sine og pliktar. Det er særleg dei nye medlemmene av rådet som treng hjelp til å finne ut av ting. Det kan for eksempel vere spørsmål om møtegodtgjersle og dekning av utgifter til reise til rådsmøtet, eller det kan vere behov for hjelp med tilrettelegging i samanheng med møta i rådet.

Som sekretær kan du også ta opp behovet for at rådsmedlemmene får nødvendig opplæring til å kunne utføre rådsfunksjonen.

Hjelp og opplæring

Kommunen eller fylkeskommunen bør sørge for at du som sekretær får nødvendig opplæring og ressursar til å kunne fylle funksjonen din. 

Det vil vêrar naturleg å ta kontakt med sekretærane for eldrerådet og ungdomsråd i kommunen for å søke råd. Du kan også kontakte sekretæren for rådet for menneske med funksjonsnedsetting i fylket.

Relatert innhald