Møtegodtgjersle

Rådsmedlemmene har krav på godtgjering for arbeidet i rådet (kommuneloven § 8-4). Det er kommunestyret eller fylkestinget som fastsetter godtgjeringa, blant anna kor mykje godtgjering ein har krav på.

Reisegodtgjersle

Medlemmene i rådet har krav på skyss-, kost- og overnattingsgodtgjering for reiser i samband med vervet. Kommunestyret eller fylkestinget fastsetter godtgjeringa (kommuneloven § 8-3).

Rett til fri frå jobb

Rådsmedlemmer som er i jobb har rett til fri frå arbeidet når det er nødvendig på grunn av møte i rådet (kommuneloven § 8-2).

Rett til fri frå skolen

Elever i vidaregåande skole kan krevje at inntil ti skoledagar dokumenterte fråvær per skoleår ikkje skal førast på vitnemålet, er det bestemt i forskriften til opplæringsloven. Verv, hjelpearbeid eller arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå kan telje som dokumenterte fråvær. Gyldig dokumentasjon er ei erklæring eller stadfesting frå ein organisasjon, for eksempel politiske organisasjonar, hjelpeorganisasjonar eller idrettsorganisasjonar.

Elever i ungdomsskolen har møteplikt til alle timar. Dette tyder at foreldre må søke om permisjon dersom eleven skal vere borte frå skolen av andre grunnar enn sjukdom. Reglene om fravær i grunnskolen står i forskrift til opplæringsloven, men kommunen og skolen kan ha reglar for korleis permisjonssøknader skal behandlast.

I følge forskrifta kan eleven (foreldre) krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dekning av utgifter og økonomisk tap

Dersom rådsmedlemmene har utgifter eller tapar inntekter på grunn av vervet, har dei krava på erstatning opp til eit visst beløp per dag. Kommunestyret eller fylkestinget fastsetter dekninga av slike utgifter (kommuneloven § 8-3).

Møteplikt, møterett og fråvær

Medlemmene i rådet har både rett og plikt til å delta i møta i rådet. At medlemmene har plikt til å møte, tyder at dei må komme på møta i rådet med mindre dei har gyldig grunn. Gyldig fråvær er for eksempel sjukdom eller reise.

Dersom ein medlem ikkje kan komme på eit møte, må medlemmen gi beskjed om dette til enten koordinatoren/sekretæren for rådet eller til administrasjonen i kommunen så raskt som mogeleg.

Kommunestyret og fylkestinget kan gi medlemmer av ungdomsråd lov til å delta (møte- og talerett) i andre folkevalde organ, for eksempel i kommunestyret eller fylkestinget (forskrift om medvirkningsordninger § 2). Dersom det er ei konkret sak som rådet gjerne vil ta opp i eit møte med kommunestyret, kan dei be om å få taletid, men det er opp til kommunestyret å avgjere om dei skal få denne moglegheita.

Fritak av personlege grunnar

Ein medlem av rådet kan søke om å bli friteke frå å delta i behandlinga av ei sak dersom personlege grunnar tilseier det. Den som ønsker fritak må sjølv be om det. 

Det blir kravt vektige personlege grunnar for fritak i den enkelte saka. Eksempel på grunn for fritak kan vere at ein medlem er i ein situasjon som ligg nært opp til at personen er inhabil. Rådet avgjer om personen får fritak. 

Kva dersom eit rådsmedlem vil slutte?

Dersom det er vanskeleg for ein rådsmedlem å delta i rådet, er det mogeleg å søke om fritak, enten mellombels eller for resten av valperioden.

Medlemmer av rådet kan for eksempel søke om fritak på grunn av sjukdom eller dersom personen har flytt og fått lang reiseveg til rådsmøta. For å få fritak frå vervet som rådsmedlem, er det kravet om at personen ikkje kan vareta vervet sitt utan at det fører til vesentleg ulempe for han eller henne (kommuneloven § 7-9).

Medlemmen sender søknaden om fritak til kommunestyret. I vurderinga av søknaden, skal kommunestyret legge vekt på om grunnlaget for søknaden var kjent på det tidspunktet medlemmen sa ja til å bli valt. Personar som er under 18 år, har krav på å få fritak dersom han eller ho søker om det.

Hjelp og opplæring

Rådet har rett til å få tilstrekkeleg sekretariatshjelp (forskrift om medvirkningsordninger § 3). For å oppfylle dette kravet, kan kommunen eller fylkeskommunen for eksempel tilsette ein eller fleire sekretærar som hjelper rådet med ulike oppgåver. Ein sekretær vil også kunne gi rådet opplæring i kva det vil seie å vere medlem av rådet.

Kommunane kan ha ulike opplegg for opplæring av nye folkevalde. Ta kontakt med kommunen for å få informasjon om kva opplæring din kommune har planlagt. KS tilbyr opplæring for folkevalde i kommunane og fylkeskommunane i tida etter kommunestyret- og fylkestingsvalet. Det er også relevant med opplæring i FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett konvensjonen funksjonsevne (CRPD).

Rådet bør få informasjon og opplæring, slik at medlemmene blir i stand til å vareta oppgåva som rådsmedlem. Kommuneloven og forskrifta om medverknadsordningsordningar inneheld ikkje avgjerder som gir rådet rett til ei bestemt opplæring. Kva opplæring rådet skal få, blir dermed avgjort i den enkelte kommunen.

Relatert innhold