Her får du ei oversikt over sentrale rammevilkår i lovar og forskrifter som gjeld for arbeidet i råd for personar med nedsett funksjonsevne.

Kva inneber det at rådet er ein del av kommuneloven?

Kommunar og fylkeskommunar har plikt til å opprette eldreråd, råd for personar med funksjonsnedsetting og ungdomsråd eller anna medverknadsorgan for ungdom.

At råd for personar med funksjonsnedsetting, eldreråd og ungdomsråd nå blir forankra i kommuneloven, tyder at alle dei tre medverknadsordningane i framtida blir forankra på same måte. Målet er å forenkle regelverket for medverknad.

Medlemmene av desse råda blir rekna som folkevalde og har same rettar og pliktar som medlemmene av folkevalde organ.

Unntaksregel om felles råd

Hovudregelen er at det skal opprettast separate råd for eldre og råd for personar med funksjonsnedsetting i alle kommunar og fylkeskommunar. Det følgjer av forskrifta om medverknadsordningar at kommunen eller fylkeskommunen kan opprette eitt felles råd for eldre og personar med funksjonsnedsetting dersom det ut i frå lokale forhold er nødvendig.

Moglegheita for felles råd er ein unntaksregel for dei tilfella kor det er nødvendig med felles råd, fordi det er vanskeleg å etablere separate råd ut frå lokale forhold. For eksempel i mindre kommunar kan det vere vanskeleg å finne tilstrekkeleg mengd medlemmer til å opprette to råd. Eldre og personar med funksjonsnedsettingar har ikkje alltid samanfallande interesser. Saksfeltet for eit felles råd kan bli stort. Hovudregelen er derfor separate råd. Organisasjonar for eldre og organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting og etablerte råd for eldre og for personar med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylket, skal høyrast før kommunestyret eller fylkestinget avgjer om det skal opprettast eitt felles råd.

Kor lang er ein valperiode?

Valperioden er den perioden medlemmene som er vald til rådet skal ha vervet som rådsmedlemmer. Valperioden for ungdomsråd er inntil to år (kommuneloven § 5-12).

Valperioden for rådet for personar med funksjonsnedsettingar på inntil fire år.

Det er inga grense i kommuneloven for kor mange gonger ein medlem kan veljast.

Medverknad

Det skal sikrast ein brei, open og tilgjengeleg medverknad frå eldre, personar med funksjonsnedsetting og ungdom.

Med brei medverknad meinest blant anna at råda skal kunne uttale seg om eit breitt spekter av saker i kommunen eller fylkeskommunen. Ungdomsråd kan uttale seg om alle saker som gjeld ungdom. Med brei medverknad meinest også at dei som blir valde som medlemmer til råda bør ha ulik alder og erfaringsbakgrunn.

Open og tilgjengeleg medverknad tyder at kommunen må sikre at råda mottek alle relevante saker kor råda kan kome med ei fråsegn. Råda kan også ta opp saker på eig initiativ. Møta i råda skal vêrar opne og tilgjengelæke for einkvar som ønsker å besøke møta. Fråsegnene til rådet skal vêrar offentlege.

Kva saker gjeld ungdom?

Ungdomsråd har rett til å uttale seg i alle saker i kommunen som gjeld ungdom. Det er eit breitt spekter av saker, for eksempel kultur, skole, helse, samferdsel, kommunens årsbudsjett og økonomiplan, arealplanlegging, kommuneplanar.

Rådet har rett til å komme med synet sitt på ei sak, det er ikkje ei plikt. Det er opp til rådet å vurdere om det skal gi ei fråsegn. Rådet kan dermed avgjere kva saker dei vel å komme med innspel til.

Kva saker gjeld personar med funksjonsnedsetting?

Rådet har rett til å uttale seg i alle saker i kommunen eller fylkeskommunen som gjeld personar med nedsett funksjonsevne. Det er eit breitt spekter av saker, for eksempel kultur, skole, helse, samferdsel, kommunens årsbudsjett og økonomiplan, arealplanlegging, kommuneplanar.

Rådet har rett til å komme med synet sitt på ei sak, det er ikkje ei plikt. Det er opp til rådet å vurdere om det skal gi ei fråsegn. Rådet kan dermed avgjere kva saker dei vel å komme med innspel til.

Inhabilitet for folkevalde

Ein rådsmedlem som har vore med på å førebu eller gjere vedtak i ei sak som tilsett i kommunen eller fylkeskommunen, er inhabil til seinare å behandle den same saka i rådet. Dette gjeld ikkje ved behandling av årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi og regional plan i rådet. Føresegnene i forvaltingsloven om inhabilitet gjeld også, med dei særreglane som står i kommuneloven.

Når skal rådet få saker?

Råda har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom eller personar med funksjonsnedsettingar. Slike saker skal kommunestyret, fylkestinget eller andre folkevalde organ legge fram for råda. Kommunestyret eller fylkestinget skal etablere rutinar som sikrar at råda mottek sakene på eit så tidleg tidspunkt i saksbehandlinga at fråsegnene frå råda har moglegheit til å påverke utfallet av saka.

Dersom rådet bestemmer seg for å komme med ei fråsegn til ei sak, er det eit krav at fråsegna skal følge saksdokumenta til det kommunale eller fylkeskommunale organet som avgjer saka endeleg.

Når kan rådet ta avgjerder?

For at rådet skal kunne gjere eit vedtak, må minst halvparten av medlemmene ha vore til stades mens saka blir diskutert i rådet, og desse må ha vore med på avstemminga i den aktuelle saka. At rådet "treffer eit vedtak", tyder at rådet tek ei avgjerd. Det kan for eksempel vere at rådet bestemmer kva innspel det skal ha til ei sak som skal behandlast i kommunestyret.

Eit vedtak blir gjort med fleirtalet av stemmene. Stemma til møteleiaren er avgjerande dersom talet stemmer for og imot eit forslag er likt. Det er nokre mindre unntak.

Møterett og møteplikt

Medlemmene i rådet har både rett og plikt til å delta i møta i rådet. At medlemmene har plikt til å møte, tyder at dei må komme på møta i rådet med mindre dei har gyldig forfall.

Medlemmene som er til stades i møtt, har plikt til å stemme når ei sak blir teken opp til avstemming.

Kommunestyret og fylkestinget kan gi medlemmer av rådet lov til å delta i andre folkevalde organ, for eksempel i kommunestyret eller fylkestinget (forskrift om medverknadsordningar § 2).

Råda er eit forvaltingsorgan, jamførl forvaltingsloven. Medlemmene av rådet har derfor teieplikt etter forvaltingsloven § 13.

Kva inneber møte- og talerett?

Rådsmedlemmene har både møte- og talerett til møta i rådet. Medlemmer som er til stades i eit møte, har plikt til å stemme når ei sak blir teken opp til avstemming.

Dersom det er ei konkret sak som rådet gjerne vil ta opp i eit møte med kommunestyret, kan dei be om å få taletid, men det er opp til kommunestyret å avgjere om dei skal få denne moglegheita.

Kva kan rådet bestemme?

Rådet er eit rådgivande organ som gir innspel og anbefalingar til kommunen i saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting eller ungdom i kommunen/fylkeskommunen. Det er likevel opp til kommunen og fylkeskommunen å fatte vedtak i dei enkelte sakene. Anbefalingane til rådet i den konkrete saka vil da vere ein del av vedtaksgrunnlaget. 

Kommunestyret og fylkestinget kan gi råda myndigheit til å fordele løyvingar. Dette tyder at kommunestyret kan velje å løyve eit beløp til rådet og gi rådet i oppgåve å fordele beløpet.

Kva hjelp kan rådet få?

Rådet skal ha tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Kommunestyret eller fylkestinget avgjer korleis sekretariatshjelpa til rådet skal organiserast. Kommunen kan for eksempel tilsette ein eller fleire sekretærar som hjelper rådet. Det vil kunne vere behov for hjelp til ein rekke ulike oppgåver, for eksempel møteinnkalling, utforming av sakslister, bestilling av møterom, føring av møtereferat, utsending av fråsegnene og andre oppgåvene til rådene.

I mange tilfelle vil sekretæren vere bindeleddet mellom rådet og kommunen eller fylkeskommunen. Kommunen/fylkeskommunen har plikt til å sikre at den har rutinar som gjer at rådet mottek saker på eit så tidleg tidspunkt at fråsegnene til rådet har moglegheit til å påverke utfallet av saka. Kommunen/fylkeskommunen kan dermed velje å opprette rutinar som gjer at sakene blir sende til sekretæren til rådet som deretter har kontakt med rådet.

Rett til å uttale seg om rammebetingelser

Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret og fylkestinget setter ned eit sekretariat / utnemner ein sekretær, fastsetter saksbehandlingsreglane og vedtek budsjettet for rådet.

Kva seier likestillings- og diskrimineringsloven

Likestillings- og diskrimineringsloven gir personar med funksjonsnedsettingar eit heilskapleg vern mot diskriminering, og er eit viktig verkemiddel for å sikre inkludering av menneske med funksjonsnedsettingar i samfunnet. I følge loven er det forbode å diskriminere nokre på grunn av nedsett funksjonsevne. Dette inneber både direkte og indirekte diskriminering. Loven har også føresegner om tilrettelegging og universell utforming. Brott på tilrettelegging kan innebere diskriminering eller brott på loven.

Vil du tilbake til inngangssida i rettleiaren?