Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) er organisert i fem regionar og har ansvar for det statlege barne- og familievernet. Bufetat skal gi barn, unge og familiar som treng det, tiltak med høg og riktig kvalitet i heile landet. 

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvar for styringa av Bufetat. Regionane i Bufetat leverer statlege barne- og familievernstenester på vegner av staten. Ansvaret er blant anna regulert av barnevernslova og familievernkontorloven.

Bufetat tilbyr det kommunale barnevernet differensierte og spesialiserte barnevernsinstitusjonar, fosterheimar og spesialiserte hjelpetiltak i heimen. Etaten har ansvar for at tenestene drivast med forsvarleg kvalitet og at tenestetilbodet er tilstrekkeleg for behovet i folkesetnaden.

Ansvaret for rekruttering av fosterheimar ligg også i Bufetat. Etaten skal sikre at det finnast tilstrekkeleg med fosterheimar og bidra til forsvarleg kvalitet gjennom opplæring og rettleiing.

Når den kommunale barnevernstenesta har kome til at eit barn treng plassering utanfor heimen, skal Bufetat hjelpe til med å finne det tiltaket barnevernstenesta meiner er riktig, anten dette er institusjon eller fosterheim.

Bufetat har ansvar for godkjenning av private og kommunale barnevernsinstitusjonar. I tillegg har Bufetat sine regionar ansvar for handsaming av adopsjonssaker i sin region og enkelte andre tiltak retta inn mot kommunane.

Bufetat sine fem regionar

Region Aust

Dekkjer fylka Viken (Tidl. Akershus og Austfold) og Innlandet. (I tillegg Oslo når det gjeld familievernet) 
Regionkontoret ligg i Lillestrøm

Region Sør 

Dekkjer fylka Viken (tidl. Buskerud), Vestfold og Telemark og Agder.
Regionkontoret ligg i Tønsberg

Region Vest 

Dekkjer fylka Rogaland og Vestland 
Regionkontoret ligg i Bergen

Region Midt-Noreg 

Dekkjer fylka Møre og Romsdal og Trøndelag. 
Regionkontoret ligg i Trondheim.

Region Nord 

Dekkjer fylka Nordland og Troms og Finnmark. 
Regionkontoret ligg i Alta.

Publisert 27. februar 2015
Oppdatert 28. mai 2020