Eksempel på betaling der ein av foreldra er frikjøpt frå stillinga si. For meir informasjon om betaling og rettar, ta kontakt med det lokale fosterheimskontoret ditt. 

Christine og Tor Andre er fosterforeldre for Julia på fire år. Julia har i sine første leveår hatt mange ulike omsorgspersonar. For Julia var det viktig å få høve til å falle til ro i fosterheimen, og bli trygg på sine nye foreldre før ho kom i barnehagen.

Christine er difor frikjøpt frå stillinga si som sjukepleiar i eitt år.

  • Christine får ein kompensasjon for den tapte arbeidstinntekta si (arbeidsgodtgjersle)
    Den utgjer ca. kr. 400.000 - 490.000,- på eit år
    Desse pengane må ho betale skatt av

  • Christine og Tor Andre får ei månadleg utgiftsdekking som skal dekkje klede og fritidsaktivitetar
    Den er på 5.520 kroner i månaden (KS-sats 2020 for barn 0-6 år)
    Desse pengane er ikkje skattepliktige

  • Christine og Tor Andre får også Julie si barnetrygd fram til Julie er fylt 18 år.

Når det første året er gått, skal Christine etter planen tilbake i jobb. Då vil ho få si ordinære inntekt gjennom arbeidsgjevaren sin. Christine og Tor Andre vil då få eit fosterheimstilskot (arbeidsgodtgjersle) på 8 535,- kroner i månaden (KS-sats 2020). Dette er pengar dei må skatte av. 

Ytingane endrast ein gong i året og blir då gjeldande frå 1. juli.

Vil du vite meir om økonomi, betaling og kva rettar du har, kan du ta kontakt med ein fosterheimskonsulent der du bur.

Flere spørsmål? Finn din lokale fosterhjemstjeneste

Vil du vite mer om økonomi, betaling og rettigheter kan du ta kontakt med en fosterhjemskonsulent der du bor.

Eller se oversikt over fosterhjemstjenestene