Alle barn busett i fosterheim skal med jamne mellomrom få besøk av ein person som har som oppgåve å undersøke om barnet har det bra.
Tilsynspersonen må vere personleg egna og
- ha evne å snakke med barn og ta det barnet seier på alvor
- kunne kontrollere at barnet får god omsorg i fosterheimen
- bidra til at barnet sin rettstryggleik blir tatt vare på gjennom å varsle kommunen om det er behov for det
Kommunen fosterbarnet bur i har ansvar for å lære opp personar som skal føre tilsyn i fosterheimar.
Vart du nysgjerrig og vil vite meir?
Ta kontakt med kommunen du bur i for å høyre om moglegheitene for å bli tilsynsperson.