Oppdrag på fulltid i eigen heim mot arbeidgodtgersle tilsvarande full årslønn.

Vi skal nå engasjere nye beredskapsheimar i Sogn og fjordane. Vi vil at familier som kan være interesserte i denne form for oppdrag, tek kontakt med oss.

Har du sett ein ungdom senke skuldrene berre fordi du har lånt ut øyret ditt, eller opplevd eit barn stråle og vekse av din anerkjennande kommentar? Kjensla du får av at ditt bidrag har meining for i livet til nokon, er heilt spesiell. Det å ha som jobb å få barn og ungdom til å kjenne tillit til vaksne og til seg sjølv og gje dei reiskap til å handtere livets mange sider, er annleis, spennande, krevjande og meiningsfullt.

Kva er ein beredskapsheim?

Nokre barn og unge har behov for ein fosterhjem med særlege ressurser, kompetanse og erfaring. Beredskapsheim er ein fosterheim som på kort varsel kan ta imot eit barn eller søsken i alderen 0–18 år på kort varsel. Du gjev dei eit rom, eit fellesskap og ein trygg base, grunnlaget dei treng for kunne jobbe med eiga utvikling. Du tek ansvar for dei inntil ei anna og meir varig løysing i fosterhjem eller institusjon er funne, eller til barnet flyttar tilbake til foreldra sine.

Oppdraget som beredskapshjem er eit fulltidsoppdrag

Ein stabil og føreseieleg kvardag med tett oppfølging på dei områda barnet har behov for, er sentralt under eit opphald i ein beredskapsheim. Barn i skulepliktig alder skal gå i skulen, anten fortsetje på skolen dei går på frå før, når det er mogeleg og ønskjeleg, eller begynne på skulen som beredskapsheimen soknar til. Barn som har plass i barnehage, fortset i same barnehagen såframt det er mogeleg og ønskjeleg. Det vert også lagt til rette for at dei skal fortsetje med fritidsaktivitetar dei allereie er med på, eller få moglegheit til å delta på nye aktivitetar. Barna skal som oftast ha kontakt med viktige personar for barnet.

Alle våre beredskapsheimar i Sogn og Fjordane er ulike. Nokre har utdanning, og nokre har erfaring med barn. Nokre har eigne heimebuende barn, og nokre har barn som har flytta ut. Alle har til felles at dei likar å vere saman med barn og unge. Dei trivst med å ha heimen som arbeidsplass, og dei er tolmodige og fleksible.

Våre beredskapsheimar må ha:

  • Relevant erfaring. Relevant utdanning er ein fordel, men ikke eit krav.
  • Evne til å motta rettleiing og opplæring både individuelt og i gruppe.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å organisere og koordinere samarbeid.
  • Engasjement og evne til å støtte og motivere barn og unge.
  • Det må være to vaksne i heimen, og eventuelle eigne barn må vere over 10 år.
  • Oppdragstakar må disponere bil.
  • Alle over 18 år i heimen må leggje fram utvida politiattest.

Vi tilbyr:

  • Statleg standardkontrakt
  • Opplæring, tett oppfølging og rettleiing frå vårt team på kontoret i Førde
  • Fadderordning og tilknyting til andre erfarne beredskapsheimar
  • Døgnkontinuerleg bakvakt
  • Avlasting og friperiodar etter eigne føresegner
  • Pensjons- og sykelønnsordning

Arbeidsgodtgjersle

Arbeidsgodtgjersle mellom kr. 435 809 og kr. 557 431,- pr. år, - i året, avhengig av utdanning og arbeidserfaring. Utgiftsdekning på kr.9 028,- pr.  månaden kjem i tillegg. Oppdragsavtale.

Kontakt

Snakk med mildred.hjelmas@bufetat.no eller ring 466 18 876