Tid:
19 januar 2021 18.00 - 20.00
Sted:
I Dale
Adresse:
Kommunestyresalen på Fjalerhuset i Dale

Informasjonsmøte om korleis det er å vere fosterheim, og kven som kan bli fosterforeldre.

På møtet får de nyttig informasjon og høve til å stille spørsmål. Du bind deg ikkje til noko ved å delta på eit informasjonsmøte.

Rådgivarar fra Fosterheimtenesta i Sogn og Fjordane orienterer om fosterheimsarbeid og svarer på spørsmål om kva det vil seie å ta på seg ei fosterheimnsoppgåve. Ein fosterforelde og eit fosterbarn vil dele sine erfaringar med deg og du kan stille dei spørsmål på møte. 

Dette får du vite meir om:

  • Kven er barna / ungdommane
  • Kva treng dei?
  • Kven kan bli fosterforeldre?
  • Korleis blir du fosterforelder?
  • Kven skal du samarbeidspartar med?
  • Økonomi m.m.

Informasjonsmøte er uforpliktande for deg som møter opp – her har du sjansen til å få informasjon og stille spørsmål om dei mange spennande oppgåvene til fosterfamiliar for barn og unge.

Bufetat følgjer smitteutviklinga og tiltak nasjonalt og lokalt tett. Dersom situasjonen tillet det, vil møta verta arrangert stadleg som planlagt. Hvis ikkje, så kan møta verta omgjort til digitale møte du kan delta på frå sofakroken. Alle påmelde vil få informasjon før møtet

Vi treng å vite kor mange som kjem og ber deg difor melde deg på via påmeldingsskjemaet under. Viss det er få påmeldt så vil møtet bli avlyst. Vi vil då kontakte de som har meldt dykk på og avtale anna måte å gje dykk informasjon på.

På framsida til Fosterheimstenesta Sogn og Fjordane kan du mellom anna få informasjon om kurs og opplæring, og om barn og unge som ventar på fosterheim.

Vil du vite meir?

Har du spørsmål om informasjonsmøtet, ta kontakt med Fosterheimstenesta på e-post eller telefon 466 19 000.

Påmelding til informasjonsmøte

Obligatoriske felter er merket med *.