Frå barneforelder til ungdomsforelder
Kva tyder det for deg å vere forelder til ein tenåring, og korleis kan du legge til rette for ein god relasjon mellom dykk?
Kanskje merkar du at forholdet mellom deg og barnet ditt endrar seg etterkvart som ho blir ungdom?
Ungdomstida er ei periode i livet som er prega av mykje nytt for deg og barnet ditt. Som forelder har du ei viktig rolle i å vere støttande og tilgjengeleg - også gjennom denne tida.
Skummelt å gi slepp på ungdommen
Det stadig større behovet som ungdommen har for å vere sjølvstendig og å rive seg laus, er både bra og heilt naturleg. Som forelder kan ein likevel oppleve det som litt skummelt når ungdommen opererer meir på eiga hand, og tek større ansvar for seg sjølv og livet sitt. Då kan det vere fint å tenke på at tenåra er ein periode der vi treng å prøve og feile. Slik skaffar vi oss erfaringar som vi har nytte av seinare i livet. Som foreldre må vi prøve å møte ungdommane sine forsøk med godheit og toleranse, også når dei ikkje får det heilt til.
Det kan vere vanskeleg for foreldre å henge med i svingane, ettersom ungdom utviklar seg heile tida. Kva ho er opptatt av, og kva for verdiar og behov ho har, endrar seg ofte. Ein god hugseregel kan vere å trekke seg litt tilbake utan å melde seg ut. Du heng på og følgjer med, men lèt henne få utforske kven ho er.
Vekse med barnet
Kva er ungdommen din interessert i for tida? Kor mykje ansvar kan han få, og kva treng han hjelp til? Som tenåringsforelder gjeld det å «vekse med» barnet og vere lydhøyr og interessert i kva som skjer.
Samtidig har ungdom gjerne større behov for å ha nokon eigne «rom», og sitt eige privatliv, som dei ikkje nødvendigvis ønsker å dele med deg. Då blir kunsten å vere lydhøyr nok til å plukke opp signal om at dei treng støtte frå deg, anten det er ein samtale, trøyst eller noko dei gjerne vil dele med deg.
Vis interesse for det ungdommen er opptatt av
Klarer du å stille opne spørsmål om det ho er oppteken av eller dei vala ho tek? Undrande og vennlege spørsmål viser at du er interessert. Slike spørsmål gir i seg sjølv ungdommen høve til å reflektere meir rundt det de snakkar om. Gjennom slike samtalar medverkar du òg til at tenåringen din kan bli meir medviten på sine eigne haldningar, verdiar og handlingar.
- Ikkje-dømmande spørsmål kan opne for forklaringar på samanhengar ho ikkje har forstått, eller gi henne hjelp til å sjå andre sitt perspektiv.
Dersom du som forelder klarer å vere oppriktig interessert i å høyre kva ungdommen din tenker om ulike ting, og dersom du klarer å unngå ein konfronterande tone, er det meir sannsynleg at du greier å få til ein god samtale. Det kan sikkert vere freistande mange gonger å «berre fortelje» ungdommen kva du meiner. Dersom du derimot alltid gjer det, går ungdommen glipp av verdifulle høve til å reflektere og utvikle si eiga evne til gjere vurderingar.
- Opne og utforskande spørsmål er kjenneteikna ved at du snakkar med henne, ikkje til henne.
Dette gjer det lettare å forstå kva ungdommen din er oppteken av.
Hugsar du korleis det var å vere ungdom?
Negative tenåringar
På same måte som yngre barn jobbar ungdom med å forstå og uttrykke eigen vilje og sine eigne verdiar, haldningar og synspunkt. Enkelte gonger blir dette uttrykt som protestar eller negativitet, som det å ikkje ville bli med på det du foreslår. Kanskje stønnar berre ungdommen din når du seier noko.
Dette kan kjennast utfordrande for foreldre. Då er det viktig å hugse på at ungdommane ikkje er negative for å med vilje skape dårleg stemning eller øydelegge for deg og/eller familien. Dei prøver berre å utvikle seg til vaksne, sjølvstendige personar – samtidig som hormona rasar i kroppen.
Ungdommen vil berre vere med venner…
Føler du at du berre ser tenåringen i forbifarten? Er ho aldri heime på kvelden lenger?
I ungdomstida er det vanleg at mange i stadig større grad søker tilhøyrsel og stadfesting hos jamaldrande og venner. Foreldre kan dermed oppleve at dei i mindre grad blir brukt for informasjon, tilhøyrsel og stadfesting. Mange ungdommar søker utover, og ikkje innover i familien, når dei leitar etter ei meir vaksen utgåve av seg sjølv.
Det er ikkje alltid ei lett oppgåve å balansere forventningane og interessene i vennemiljøet med dei forventningane familien har. Kanskje vil det tidlegare så heimekjære barnet ditt brått berre vere saman med venner på kveldane? Eller du opplever at barnet ditt ikkje fortel like mykje til deg som tidlegare? Slike endringar kan kjennast utrygt, sårt eller urovekkande for foreldre. Då hjelper det å hugse at dette ofte er uttrykk for heilt vanleg ungdomsåtferd.
Vanleg å kjenne seg avvist
Når ungdommane støtt vel vennene framfor deg, kan du fort kjenne deg avvist. Det er vondt, og det er lett å oppføre seg avvisande tilbake. Sjølv om det av og til ikkje verkar slik, treng ungdom foreldre som er der for dei. At du er tilgjengeleg for samtalar, kos og trøyst når ungdommen din treng deg, er akkurat like viktig som før. Skilnaden er at du kanskje må vere tilgjengeleg på ein litt annan måte.
Mange ungdommar blir òg meir nyfikne på foreldra sine i ungdomstida. Det kan vere fordi foreldra ikkje lenger representerer «fasiten» for alt. Ungdom kan dermed vurdere foreldra meir på linje med andre personar, med eigne synspunkt og verdiar.
Slik takler du bekymringen din
Snakk med andre
I enkelte samanhengar kan det òg vere godt å snakke med ein annan vaksen om uroa di for ungdommen, utan å krenke behovet ungdommen har for privatliv. Du bør vurdere kva barnet eller ungdommen din vil synest det er greitt at andre veit om dei.
Noko kan du kanskje også drøfte utan å knyte det til akkurat din ungdom? Ved å drøfte uroa di med ein vaksen du stolar på, kan du kanskje få hjelp til å sortere uroa di?
Oppgåva til tenåringsforeldre handlar mykje om å støtte, og å bygge ungdommen si tru på eigen verdi, eigne vurderingar og val. Vi treng å bli verdsette i alle fasar av livet. Som forelder får du nye utfordringar. Kanskje kjem du òg sjølv til å endre deg i denne spennande prosessen, der barnet ditt går frå barn til vaksen?