Søskenkrangel
Søsken kranglar. Det er heilt normalt, men kan vere krevjande – både for barn og foreldre.
Det er mange ting som kan utløyse krangling blant søsken. Det kan vere lettare for oss foreldre å halde oss rolege dersom vi greier undersøkje kva som kan vere årsaka ti krangelen. Då er det òg lettare å vurdere om vi treng å gripe inn eller let dei prøve å ordne opp i det sjølve.
Kvifor kranglar barna?
Ein krangel kan for eksempel vere uttrykk for eit ønske, eit behov, ein frustrasjon, ein impuls, eller eit forsøk på å meistre noko. Det er uansett gunstig at vi prøver å legge godviljen til når vi tolkar åtferda til barna.
Mange gongar veit ikkje barnet sjølv akkurat kvifor ho gjer som ho gjer. Difor kan det vere vanskeleg for henne å svare på spørsmålet «Kvifor gjorde du det?»
Finn ut kva som ligg bak kranglinga
Det er ikkje alltid at barna si åtferd verkar logisk for dei vaksne. Når søsken blir frustrerte over noko den andre gjer, seier dei ikkje: «Eg er frustrert». Dei viser det kanskje heller ved å kalle den andre for stygge ting eller slå og dytte.
Nettopp fordi barn ofte ikkje kan forstå eller setje ord på eigne kjensler og behov, er det beste vi vaksne kan gjere å prøve å tolke kva som ligg bak. Det kan vere lurt å stoppe opp og spørje seg sjølv:
- Kvifor kranglar dei om den leika?
- Kvifor er dette så viktig for dei?
- Kva handlar dette eigentleg om?
Kanskje greier du å reflektere deg fram til kva som kan ligge bak kranglinga?
Det vil ikkje seie at det nødvendigvis er tenleg å finne ut kven som starta krangelen eller akkurat kva som skjedde. I staden kan det vere nyttig å prøve å fokusere på kvifor det skar seg akkurat no. Det kan kanskje gi ein peikepinn på kva for behov barna har.
Det kan vere vanskeleg å stoppe opp og ta seg tid til å reflektere viss du opplever at det er veldig slitsamt å høyre på kranglinga til barna. Særleg dersom du sjølv er sint, sliten eller stressa kan dette vere utfordrande. Enkelte gonger må du kanskje gå ut av rommet og roe deg ned litt først.
Kranlinga si positive side
Dei aller fleste søsken kranglar innimellom. Krangling kan vere slitsamt for alle, men har òg ei positiv side. Gjennom krangling kan barna lære
- å løyse konfliktar
- grunnleggande sosiale ferdigheiter
- å tilpasse seg andre
- å tole konfliktar
- å hevde seg sjølv
Er du «observatør» eller «dirigent»?
Når skal du gripe inn?
Det er fint å lære barna å kunne tole litt. Samtidig skal dei ikkje måtte tole å bli systematisk trakka på over tid. Det er òg viktig å lære barnet at det er greitt å vere sint. Det er likevel ikkje greitt at ho uttrykkjer sinnet sitt med åtferd som skadar andre, for eksempel å slå, spytte eller klype.
Dersom krangelen er i ferd med å bli destruktiv, barna risikerer å bli fysisk skadd, redd eller audmjuka, skal du gripe inn.
Enkelte gonger er det nødvendig å gripe inn for å vareta behova til det eine av barna. For eksempel kan det vere fint for storesøsken å av og til få vere med venner utan at småsøskena må få vere med kvar gong.
Søskenkrangel handlar ofte om kampen om verdigheit. Dersom du grip inn, er det viktig at du gjer ditt beste for at begge kan komme ut av situasjonen med verdigheita i behald.
Kor mykje krangling toler du?
Er det viktig å seie unnskyld?
Dersom barna er modne nok til at dei forstår kva konseptet «unnskyld» tyder, kan det vere fint at dei seier unnskyld til kvarandre når dei har sagt eller gjort ting mot den andre, som de tenker ikkje er greitt.
Det kan vere nødvendig for begge partar å få hjelp av vaksne til å klare å sjå saka frå den andre sitt perspektiv. Å seie unnskyld kan kjennast fint for begge partar. Det kan medverke til at barna tek ansvar for si eiga åtferd. Dei kan òg oppleve at dei får avslutta krangelen på ein god måte, slik at dei kan bli ferdige med saka og gå vidare.
Dersom ”unnskyld” derimot berre blir eit tomt ord, eller noko barnet blir tvinga til å seie – utan at barnet forstår korleis det barnet sa eller gjorde blei opplevd ugreitt for den andre – er det å seie unnskyld ikkje like nyttig.
Rettferdig eller urettferdig?
Rettferdighet, eller urettferdighet, er noe av det barn er mest opptatt av i visse aldre. Men hva innebærer det å være «rettferdig»?
I mange sammenhenger er det rettferdig å forskjellsbehandle søsken. Andre ganger er det rettferdig å behandle barna likt.
Innetid, leggetid eller skjermtid kan være eksempler på ting som må tilpasses det enkelte barnet fordi barna har ulike behov. Det kan være fordi de ikke er like gamle, men det kan også være fordi de har ulikt temperament, ulike preferanser eller ulik modning.
Det er ikke alltid så lett for barn å forstå at forskjellsbehandlingen de opplever faktisk er dine forsøk på å være så rettferdig du kan. Det gjelder derfor å hjelpe søsken å forstå at forskjellsbehandlingen din ikke handler favorisering, men om alder eller andre forhold.
For å forklare dette på gode måter, kan det være nyttig for deg å forsøke å se situasjonen fra barnets perspektiv.
«Du er meir glad i han/henne enn meg!»
Tenk gjennom kva du lovar
Å vere rettferdig, inneber mellom anna å halde det du lovar, som:
- «Når du blir åtte år skal du òg få vere oppe lenger»
eller:
- «Neste veke er din tur til å ha ein venn på overnatting.»
Det er nyttig å tenke godt gjennom kva vi lovar barna slik at barna opplever at vi klarer å innfri lovnadene våre, og at vi er til å stole på. Det er trygt for barn å oppleve at dei kan ha tillit til foreldra sine. Det kan derfor vere fint å prøve å unngå å love ting du er usikker på om du kan halde.
Samtidig kan det skje ting ein ikkje har rekna med. Dersom det blir heilt umogeleg for deg å innfri det du har lova, er det nyttig å forklare kvifor så godt du kan – på eit nivå som barnet forstår.
Det er fint om du òg klarer å setje deg inn i kva barnet opplever som verst, eller det største tapet, ved at du ikkje kan halde lovnaden din. Då kan de kanskje komme fram til eit alternativ som kan vege opp litt for skuffelsen for barnet? Det kan òg hende at barnet treng hjelp frå deg til å handtere skuffelsen sitt.
Samanliknar du barna?
Det vere nyttig å tenke litt over korleis vi samanlikar søsken.
Dersom du heile tida framhevar skilnader og likskapar mellom søsken kan du i vanvare bygge opp under kjensler hos dei som kan medverke til krangling, for eksempel knytt til konkurranse eller misunning.
Kommentarar som «Du har det så rotete på rommet ditt. Kan du ikkje prøve å ha litt orden, slik som søster di har på sitt rom?», kan gi ei oppleving av at du synest det eine søskenet er betre enn det andre. Seier du «Bror din lærte dette då han var yngre enn du er no», kan barnet oppleve at ho ikkje er bra nok, og at du er meir stolt av broren.
Det kan vere fint å spørje seg sjølv korleis barna kan oppleve kommentarane dine, og om dei fremjar gode søskenforhold.
Er det eitt av barna du har meir til felles med, og som du kanskje er meir saman med fordi de likar å halde på med dei same tinga? Då kan det vere fint å tenke gjennom korleis dei andre kan oppleve dette. Er det grep du kan gjere for å vareta alle?
Dersom du er medviten på korleis du sjølv opptrer, kan du lettare kompensere og fange opp konkurranse og sjalusi.