Her er ein enkel rettleier i fem steg som de kan bruke når de skal etablere eit ungdomsråd.

Steg 1: Politisk forankring og rammevilkår

For at ungdomsrådet skal ha gjennomslagskraft, er det viktig med solid politisk forankring. Frå og med kommune- og fylkestingsvalet 2019 er kommunane og fylkeskommunane lovpålagde å ha eit ungdomsråd eller eit anna medverknadsorgan for ungdom. Dette gir ei politisk forankring på sentralt nivå.

Det er kommunestyret eller fylkestinget som bestemmer kor mange medlemmer ungdomsråd skal ha og som vel rådet. 

Kommunane og fylkeskommunane skal utarbeide rammevilkåra for ungdomsråda lokalt og regionalt. Det inneber blant anna:

Vurdere eige budsjett

Kommunestyret eller fylkestinget kan gi ungdomsrådet delegert myndigheit til å løyve pengar. Det kan dreie seg om å

  • løyve eigne midlar til å gjennomføre eigne prosjekt
  • fordele søknadsbaserte midlar til prosjekt i kommunen/fylket

Om rådet sjølv får bestemme over eit budsjett, gir det både handlefridom og ansvar. Det hjelper til økt forståing for økonomiske prioriteringar i eit politisk system.

 

Plassere det administrative ansvaret

Den enkelte kommunen eller fylkeskommunen må avgjere kvar i administrasjonen dei skal plassere ansvaret for å følge opp rådet, altså sekretariatshjelpa. Det kan vere ein fordel at den som har ansvar for oppfølging av ungdomsrådet, koordinatoren, har ein sentral posisjon i administrasjonen. Da har vedkommande oversikt over det som skjer i kommunen, og kan hjelpe til at ungdomsrådet kjem tidleg inn i politiske avgjerdsprosessar.

Kommunen eller fylkeskommunen må sikre at aktuelle saker blir sende til ungdomsrådet. Dette skal gjerast i god tid, slik at ungdomsrådet har ei reell moglegheit til å påverke utfallet av saka.

Sikre tilstrekkeleg sekretariatshjelp

Skal ein lykkast med eit velfungerande ungdomsråd, er det nødvendig å sette av tilstrekkelege ressursar til at medlemmene får den opplæringa, støtta og oppfølginga som blir kravde for at dei skal bli trygge i rollane sine. Ungdommane må få den informasjonen og hjelpa dei treng for å kunne vurdere og følge opp ulike saker.

Forskrifta til kommuneloven, om medverknadsordningar, seier at ungdomsrådet skal få tilstrekkeleg sekretariatshjelp (forskrift om medvirkningsordninger § 3). Kva det inneber, er det opp til den enkelte kommunen/fylkeskommune å vurdere.

Tilstrekkeleg sekretariatshjelp betyr at omfanget av og innhaldet i sekretariatshjelpa sikrar at rådet kan gjennomføre oppgåvene sine som ungdomsråd på ein god måte. Omfanget av hjelpa vil for eksempel kunne variere på grunn av talet saker rådet behandlar. I den første tida etter at rådet er valt, vil rådet i mange tilfelle kunne ha behov for meir hjelp enn etter noko tid når rådet har blitt meir kjent med oppgåvene sine.

 

Lage reglement

Kommunestyret og fylkestinget skal fastsette eit reglement for ungdomsrådet (kommuneloven § 11-12). 

Reglementet skal innehalde

  • verkeområdet og vedtaksstyresmakta til rådet
  • tidsperioden rådet er oppretta for
  • eventuelle andre sentrale avgjerder om verksemda til rådet

Eksempel på kva reglementet kan innehalde:

  • Namnet på rådet og eventuell forkorting
  • Val og samansetting

Korleis skal medlemmene til ungdomsrådet veljast?

Det er kommunestyret/fylkestinget som vedtek samansettinga av ungdomsrådet:

  • Kor mange medlemmer og varamedlemmer rådet skal ha
  • Virkeperiode (inntil to år)
  • Alderssamansetting

Medlemmene kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet.

Rutinar for involvering

Kommunestyret og fylkestinget skal etablere rutinar som sikrar at råda mottek sakene på eit så tidleg tidspunkt i saksbehandlinga, at fråsegnene frå råda har moglegheit til å påverke utfallet av saka. Fråsegnene skal følge saksdokumenta til det kommunale eller fylkeskommunale organet som avgjer saka endeleg.

Myndigheit

  • Skal ungdomsrådet ha møte- og talerett i folkevalde organ?
  • Skal ungdomsrådet få delegert myndigheit til å løyve midlar?

Økonomi og administrasjon

  • Skal ungdomsrådet ha eit eig budsjett?
  • Omfanget av sekretariatshjelp
  • Eventuelt anna
Kommunar med bydelsutval

Dersom kommunane har overførde oppgåvene som gjeld ungdom til eit bydelsutval (kommunedelsutvalg), kan det etablerast eit ungdomsråd i alle bydelane (kommunedelane). Bydelsutvalet varetek da rettane til kommunestyret og pliktar overfor råda. Det kan også veljast eit sentralt ungdomsråd.

Dersom kommunen har overførde oppgåvene som gjeld ungdom til eit bydelsutval/kommunedelsutvalg, men ikkje opprettar eit eige ungdomsråd for bydelen/kommunedelen, er det ungdomsrådet for kommunen som skal ha saker som blir behandla i bydels-/kommunedelsutvalget.

I større kommunar vil det vere ein klar fordel med eit ungdomsråd i kvar bydel/kommunedel og eit sentralt ungdomsråd i tillegg.

Steg 2: Rekruttere medlemmer

Rekruttering til ungdomsrådet varierer noko avhengig av om rådet er kommunalt eller fylkeskommunalt. Kommunale ungdomsråd rekrutterer gjerne medlemmer frå skolane, fritidsklubbar og frå lokale ungdomsorganisasjonar. Fylkeskommunale råd rekrutterer gjerne frå kommunane og frå regionale ungdomsorganisasjonar.

Det viktig at ungdommane får nødvendig informasjon om ungdomsrådet og om valprosessen i god tid. Informasjon bør omfatte

  • kva eit ungdomsråd er og rolla til rådet
  • forventingar og krav til rådsmedlemmene
  • rettane og moglegheitene til rådsmedlemmene
  • valprosessen
  • korleis ungdommane kan komme i kontakt med det sittande ungdomsrådet og koordinatoren for rådet

Det kan også vere lurt å oppmode til brei rekruttering, slik at medlemmene av ungdomsrådet representerer eit størst mogeleg mangfald av ungdom i kommunen eller fylket. 

Involvering av ungdom

Det er kommunestyret eller fylkestinget som vel ungdomsrådet. Det er mogeleg å involvere ungdom i framkant av valet, slik at ungdommane sjølv kjem med foreslag til medlemmer til rådet. I så fall blir forslaget lagt fram som ei innstilling til kommunestyret/fylkestinget. Dette kan vere viktig for å auke legitimiteten til ungdomsrådet i kommunen.

Eksempel på måtar å involvere ungdom ved rekruttering til ungdomsrådet:

Ungdomshøyring

På ei ungdomshøyring blir ungdom frå kommunen eller fylkt invitert til å delta. Ungdommane som deltek får moglegheit til å stille til val som medlem til ungdomsrådet. 

Kandidatar som er aktuelle til å bli foreslått til ungdomsrådet blir intervjua av ein valkomité. Valkomitéen må ha klare retningslinjer for samansetting av rådet, og må legge fram ei innstilling som blir vedteken av deltakarane på ungdomshøyringa. Vedtaket frå høyringa blir deretter lagt fram som innstilling til kommunestyret/fylkestinget.

Kven kan inviterast til høyringa?

I ein kommune kan ein invitere representantar frå skolane, frå fritidsklubbane og frå ulike ungdomsorganisasjonar. I ein fylkeskommune kan ein invitere representantar frå kommunane, frå dei vidaregåande skolane og frå regionale ungdomsorganisasjonar.

I tillegg kan ein invitere ungdom utan tilknyting til ein skole, klubb eller organisasjon til å delta, såkalla frie/opne plassar.

Elektronisk val

Valet av kandidatar til ungdomsråd kan gjennomførast elektronisk. Kandidatane må i så fall meldast inn på førehand, og ein må ha ein plan for å innhente forslag til kandidatane.

Skolane, fritidsklubbane og organisasjonar som representerer ungdom, må få moglegheit til å komme med forslag til kandidatar. God informasjon om valet er viktig, slik at så mange ungdommar som mogeleg får med seg at dei kan stemme på kandidatar til ungdomsråd. Hugs omsynet til personvern ved elektronisk val.

Allmøte på skolen

Allmøte på skolen kan brukes til å finne kandidater til kommunale ungdomsråd, men egner seg kanskje best i små kommuner, særlig i kommuner som kun har én ungdomsskole. Denne framgangsmåten avhenger av at man kan invitere ungdom fra andre skoler og organisasjoner, slik at alle har lik mulighet til å delta.

På allmøtet kan det sittende ungdomsrådet presentere seg og hva de jobber med, og invitere ungdommene til å stille til valg. Aktuelle kandidater kan presentere seg, og deretter gjennomføres det skriftlig valg. Resultatet av valget legges frem som innstilling til kommunestyret som velger rådsmedlemmene.

Elevrådene arrangerer val

Ungdomsråd kan ta kontakt med elevråda i kommunen eller fylket, som arrangerer val i klassane eller oppmodar kandidatar til å stille til val. Elevrådet kan organisere valet på ulike måtar. Det viktigaste er å sikre at alle får tilstrekkeleg informasjon, og at valet skjer på ein demokratisk måte. Etter valet meldar skolane inn forslaga sine til kandidatar som blir lagga fram som innstilling til kommunestyret.

Hugs at organisasjonar som representerer ungdom også har rett til å melde inn forslag til medlemmer i ungdomsråd, og at ein i så fall må velje kandidatar også frå organisasjonane før innstillinga blir laga fram.

Involvere organisasjonane

Organisasjonar som representerer ungdom har rett til å melde inn forslag om medlemmer til ungdomsrådet. Derfor er det viktig at organisasjonane får informasjon om ungdomsrådet og korleis dei skal gå fram for å melde inn forslag.

Dersom ein arrangerer ei ungdomshøyring, kan organisasjonane inviterast med på denne. Kandidatane til organisasjonane kan stille til val på plassar som er reservert organisasjonane.

Kommunen eller fylkeskommunen bør ha eit opplegg for korleis dei skal velje ut medlemmer blant forslaga frå organisasjonane.

Krav til rådsmedlemmene

Utgangspunktet er at alle som er ungdom kan foreslåast som medlem av rådet.

Men både dei som foreslår medlemmer til ungdomsrådet og kommunestyret/fylkestinget som formelt skal velje rådsmedlemmene, må tenke over samansettinga i rådet og kva ting dei må eller ikkje treng å ta omsyn til.

Krav om alder

Kommuneloven seier at personane som blir valde skal representerer ungdom i kommunen eller fylke, og dei kan ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet.

Krav om kjønnsbalanse

Som folkevald organ må ungdomsrådet også ta omsyn til kravet i kommuneloven om kjønnsbalanse. Begge kjønn skal vere representert med minimum 40 prosent dersom rådet skal bestå av fire medlemmer eller fleire. Dersom det berre er to eller tre medlemmer, skal begge kjønn vere representert. Dette kan det vere lurt å ta omsyn til allereie når ein sender ut informasjon/invitasjon.

Må ikkje ha stemmerett

Det er ikkje er krav om at ein må ha stemmerett for å bli vald til å sitte i rådet (kommuneloven § 7-2). 

Treng ikkje bu i kommunen

Det er ikkje krav om å vere folkeregistrert som busett i kommunen eller i ein av kommunane i fylket for å sitte i ungdomsrådet. Dette inneber blant anna at ein person som bur i ein kommune, men går på vidaregåande skole i ein annan kommune, kan veljast til ungdomsråd i kommunen kor personen går på skole.

Brei samansetting

Ungdomsrådet bør vere breitt samansett og bestå av personar med ulik erfaring og bakgrunn. Eksempel på dette kan vere ungdom med funksjonsnedsettingar eller minoritetsbakgrunn. I tillegg bør ein ta omsyn til geografisk spreiing. Dette gjeld spesielt for fylkeskommunale ungdomsråd og kommunale ungdomsråd i store fylker/kommunar.

Det blir ikkje stilt krav om eit bestemt tal på medlemmer, men rådet må ha tilstrekkeleg mange medlemmer til at dei kan gjere dei oppgåvene dei har som rådgivande organ. Talet på medlemmer i rådet vil variere noko frå kommune til kommune, der små kommunar kanskje har færre medlemmer, mens større kommunar har fleire medlemmer i ungdomsråd. Det er kommunestyret eller fylkestinget som avgjer kor mange medlemmer rådet skal  ha.

Organisasjonane som fremjar forslag om medlemmer bør også foreslå kor mange medlemmer som er ønskeleg og kvifor.

Andre verv og medlemskap

Det er verken ein føresetnad eller noko i vegen for at medlemmer i ungdomsrådet er/har vore medlemmer av interesse- eller ungdomspolitiske organisasjonar eller politiske parti. Det er likevel viktig at personen representerer alle ungdommar i kommunen eller fylket og ikkje organisasjonen eller partiet.

Personar som allereie er folkevalde i ein kommune eller fylkeskommune, for eksempel medlemmer av kommunestyret, kan også veljast inn i ungdomsrådet. Det same gjeld personar som er tilsett i kommunen. I desse tilfella må ein likevel vere merksam på reglane om inhabilitet.

Personar som har vore valt som rådsmedlem tidlegare, kan veljast til å sitte i rådet på nytt igjen. Det er inga grense i kommuneloven for kor mange gonger ein medlem kan veljast så lenge ein ikkje har fylt 19 år på valtidspunktet.

Steg 3: Val

Det er kommunestyret/fylkestinget som vel medlemmene til ungdomsrådet. Kommunestyret og fylkestinget tek utgangspunkt i dei personane som er foreslått gjennom rekrutteringsprosessen, men kan også velje andre personar.

Steg 4: Ungdomsrådet konstituerer seg

Det nye rådet tre i funksjon så snart det er formelt valt av kommunestyret eller fylkestinget (kommuneloven § 7-1).

Ungdomsrådet konstituerer seg på første rådsmøte. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar blant medlemmene til rådet, og fordeler andre aktuelle rollar. Dette kan for eksempel vere medieansvarlig eller ansvarleg for ulike politikkområde.

Steg 5: Opplæring

For at ungdomsråd skal vêrar i stand til å gjere ein god jobb, er opplæring heilt avgjerande. Opplæringa av medlemmene i ungdomsråd bør skje så raskt som mogeleg. Det er fordi ungdomsråd berre har ein virkeperiode på inntil to år. Nokre medlemmer er berre vald for eitt år.

Rådet bør få informasjon og opplæring, slik at medlemmene blir i stand til å vareta oppgåva som rådsmedlem. Kommuneloven og forskrifta om medverknadsordningsordningar innehelte ikkje avgjerder som gir rådet rett til ei bestemt opplæring. Kva for ei opplæring rådet skal få, blir dermed avgjorde i den enkelte kommunen.

Det er ofte behov for å gjenta opplæringa, og dessutan å gjennomføre opplæringa når ungdomsråd har behov for det, gjerne i direkte samanheng med konkrete saker.

Tema som kan inngå i opplæringa

Informasjon om offentleg forvalting:

  • Innføring i det politiske systemet. Korleis heng ting saman, korleis blir ei politisk sak behandla, kven bestemmer kva?
  • Innføring i kommunens/fylkeskommunens saksområde. Kva saker kan ungdomsrådet ha direkte innverknad på?
  • Dei ulike forvaltingsnivåa. Kvar blir avgjerdene tekne som ikkje skjer i kommunen eller fylkeskommunen?

Rolla til ungdomsrådet:

  • Eit rådgivande organ. Kva inneber det?
  • Moglegheiter for påverknad
  • Møte med politikarar og administrasjon:
  • Faste møte
  • Møte ved behov
  • Møte- og talerett i folkevalde organ?

Forventingar og krav:

  • Korleis stille førebudd på møta
  • Følgje opp avtalte oppgåver
  • Representere på ein god måte – vere bevisst rolla si

Rettar:

  • Rett til fri frå skole/arbeid
  • Møtegodtgjersle
  • Reise- og kostdekning

Steg 6: Utarbeide plan

Ungdomsrådet kan velje å arbeide etter ein plan som seier noko om kva arbeidsoppgåver rådet vil prioritere. Det er fint om det er mogeleg å involvere fleire ungdommar når ungdomsrådet skal lage ein slik plan. Da vil planen ha ei breiare forankring, og rådet kan arbeide målretta ut frå ønska til ungdommane i kommunen eller fylket.

Rådet kan hente innspel til ein slik plan for eksempel

  • på ei ungdomshøyring
  • via spørjeundersøkingar
  • ved å invitere elevråda på skolane og organisasjonar som representerer ungdom, til å komme med innspel

Det er ungdomsråd sjølv som lagar planen.

Det er lurt om ungdomsrådet rapporterer kva dei har fått gjennomførd av det som står i planen. Dette kan rådet gjere i den årlege årsmeldinga dei skal lage til kommunestyret eller fylkestinget. I tillegg bør rapporteringa gjerast tilgjengeleg for ungdommane i kommunen eller fylket.

Kva bør planen innehalde

Planen bør ta utgangspunkt i kva som er ansvarsområde til kommunen eller fylkeskommunen, slik at rådet har moglegheit til å påverke direkte. Planen kan også innehalde prioriteringar som ligg utanfor kommunens eller fylkeskommunens ansvarsområde. Da vil rolla til ungdomsrådet vere å lobbyere (drive påverknadsarbeid) overfor andre aktørar, som staten, organisasjonar eller private aktørar.

Planen bør vere så konkret som mogeleg, og det er lurt å ikkje ha for mange prioriteringar for kvar periode. Planen kan med fordel delast inn i tema eller fagområde som for eksempel helse, samferdsel, utdanning, kultur, fritid og næring.