Ungdomsråd skal vere talerøyret til ungdomane overfor politikarar og beslutningstakere, og skal ha ei rådgivande rolle for kommunen og fylkeskommunen.

Rådet skal representere ungdoms interesser i kommunen eller fylket og har rett til å uttale seg i alle saker som gjelder ungdom. Ungdomsrådet kan også ta opp egne saker.

Medlemmene i rådet blir valgt for inntil to år om gangen. Dette går frem av kommuneloven

Kva funksjonar har ungdomsrådet?

Gi råd til kommunen/fylkeskommunen

Ungdomsråd skal gi råd til kommunen eller fylkeskommunen slik at kommunestyret eller fylkestinget har eit betre grunnlag for avgjørelserene sine, ifølgje kommunelova.

Rådet har rett til å kome med synet sitt på ei sak, det er ikkje ei plikt. Det er opp til rådet å vurdere om det skal gi ei fråsegn. Rådet kan dermed avgjere kva saker dei vel å kome med innspel til. 

Uttale seg på vegner av ungdom

Ungdomsrådsmedlemene er folkevalte, det vil seie at dei er valde for å representere ungdom i sin kommune eller fylket sitt. Ungdomsråd skal representere og uttaler seg vegner av alle ungdomar. Ungdomsråd bør derfor sørgje for å ha god kontakt med ulike grupper av ungdom, og skape møteplassar der ungdomsråd kan få innspel frå ungdomane dei representerer.

Rett til å delta i kommunestyret/fylkestinget

Kommunestyret og fylkestinget kan gi medlemmer av ungdomsråd lov til å delta (møte- og talerett) i andre folkevalde organ, for eksempel i kommunestyret eller fylkestinget (forskrift om medvirkningsordninger § 2). Dersom det er ei konkret sak som rådet gjerne vil ta opp i eit møte med kommunestyret, kan dei be om å få taletid, men det er opp til kommunestyret å avgjere om dei skal få denne moglegheita.

Brei, open og tilgjengeleg medverknad

Ungdomsråd skal sikre ein brei, open og tilgjengeleg medverknad frå ungdom i kommunen eller fylket.

Med brei medverknad meinest blant anna at

  • rådet skal kunne uttale seg om mange ulike saker i kommunen eller fylkeskommunen
  • rådet kan uttale seg om alle saker som gjeld ungdom
  • dei som blir valde som medlemmer til rådene, bør ha ulik alder og erfaringsbakgrunn 

Med open og tilgjengeleg medverknad meinest at

  • kommunen eller fylkeskommunen må sikre at rådene mottek alle relevante saker kor rådene kan avgi fråsegn
  • rådet kan også ta opp saker på eige initiativ
  • møta i rådene skal vere opne og tilgjengelege for einkvar som ønsker å vere til stades
  • fråsegnene til rådet skal vere offentlege

Kva kan rådet bestemme?

Ungdomsråd skal gi råd til kommunen eller fylkeskommunen. Dette betyr ikkje at kommunestyret eller fylkeskommunen alltid må gjere slik ungdom vil, men at dei skal vite kva ungdomsråd meiner før dei tek ei avgjerd. 

Kommunestyret og fylkestinget kan gi rådet myndigheit til å fordele bevilgninger. Det betyr at kommunestyret eller fylkestinget gir rådet i oppgåve å bestemme korleis dei skal bruke pengar, for eksempel kva arrangement eller organisasjonar som skal motta støtte. Dette blir kalla delegert vedtakskompetanse.

Kva saker skal rådet jobbe med?

Ungdomsråd har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld ungdom i kommunen eller fylket. Det kan vere mange ulike saker, for eksempel

  • kultur- og fritidstilbod
  • skolesaker
  • helsetilbod
  • samferdsel og kollektivtilbod
  • miljøsaker
  • Kommunens årsbudsjett og økonomiplan
  • arealplanlegging
  • kommuneplanar

Dersom kommunen eller fylkeskommunen er i tvil om ei sak bør takast opp i ungdomsråd, bør dei spørje ungdomsråd om dei ønsker å uttale seg i saka.

Kommunestyret og og fylkestinget skal sikre at ungdomsråd høyrest så tidleg i prosessen at dei har moglegheit til å påverke avgjerdene som skal takast. Fråsegnene frå rådet skal følge saksdokumenta til det kommunale og fylkeskommunale organet som avgjer saka endeleg.

Kommunane har, ifølgje plan- og bygningsloven, eit særleg ansvar for å sikre aktiv medverknad i planlegging frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, f.eks. barn og unge. Det gir rådene ein heimel til å til å medverke i planlegging. Rettleiaren for medverknad i planlegging omtaler prinsipp og har gode eksempel for korleis medverknad i kommunale og regionale planprosessar kan skje.

Aktivitetar og arbeidsoppgåver

Ungdomsrådet skal sette seg inn i saker som angår ungdom i kommunen eller fylket og behandle sakene i møta sine. I tillegg til dette kan medlemmene av ungdomsråd for eksempel 

  • bli invitert til å halde innlegg eller talar i ulike samanhengar
  • arrangere samlingar for ungdom i kommunen/fylkte
  • prøve å påverke politikarane ved å fremje synet sitt i mediet eller andre stader

Meir om arbeidsoppgåvene og rutinane for ungdomsrådet

 

Kvifor medverknad?

Sida ungdom under 18 år ikkje har stemmerett eller sjølv kan stille til val, har dei få moglegheiter til å seie meininga si og påverke politiske avgjerder. Det er berre ungdom sjølv som veit kva ungdom meiner om ulike saker. Det er derfor viktig at ungdom ikkje blir representert gjennom andre, men snakkar for seg sjølv. Derfor har vi ungdomsråd.

Artikkel 12 i barnekonvensjonen seier: "Barnet har rett til å seie meininga si i alt som vedkjem det og barnet sine meiningar skal tillegges vekt". Ungdomsråd er ein måte å gi ungdom moglegheit til å seie meininga si om saker som skal avgjerast av kommunestyret eller fylkestinget.

  • Inkludering i demokratiet: Å få lov til å seie meininga si, og bli teke på alvor, er viktig for alle. At ungdom får medverke og vere med å påverke samfunnet kan bidra til å skape tillitt til samfunnet sine institusjonar og bygge opp under ei demokratisk forståing.
  • Betre tenester for ungdom: For at kommunen og fylkeskommunen skal utvikle gode og tenester og tilbod, er det viktig å lytte til ungdom. At ungdom deltek og seier meininga si, bidrar til kommunen og fylkeskommunen får kunnskap om behovet til ungdommen og ønske. Dermed kan kommunen komme fram til betre og meir treffsikre tenester for gruppa.

 

Relatert innhald