Fortsatt foreldre er eit kurs som passar deg som ønskjer å skape eit GODT NOK foreldresamarbeid med ekspartnar etter samlivsbrot - til beste for barna.

Mange foreldre slit med samarbeidet med den andre forelderen, uavhengig av om det har gått kort eller lang tid sidan brotet.

På kurset blir det mogleg å reflektere og bli medviten om rolla di som forelder og samarbeidspartner, og du får hjelp til å møte konflikter på ein konstruktiv og løysningsorientert måte. Hugs:

  • Barna sin barndom er no.
  • Dei har ikkje tid til å vente på at foreldra skal slutte å vere ueininge.
  • De er modellar for barna sine måtar å løyse konfliktar på.
  • Barna treng å vite kvar dei skal bu og kvar dei skal vere.
  • Alle familier er ulike. Avtalene om barna si tid med foreldra kan variere.

Innhald i kurset

Det overordna formålet med kurset Fortsatt foreldre er at barna skal få oppleve at foreldra klarer å samarbeide og kommunisere etter brotet, slik at kvardagen til barna blir mest mogleg trygg og som venta.

Dei fem hovudtemaene på kurset:

  • Prosessen ved brotet
  • Kommunikasjon, konflikt og samspel
  • Å sjå barna sin livssituasjon
  • Foreldresamarbeid
  • Vegen vidare

Påmelding

Fortsatt foreldre-kurs blir arrangert over heile landet. Sjå oppsatte kurs i kursoversikta.

Kursa går føre seg i grupper. Du vil møte andre foreldre som har barn med ein dei ikkje bur saman med.

Ekspartnarar bør ikkje gå på same kurs.

 Ta kontakt med familievernkontoret ditt for meir informasjon.