Dersom samarbeidet blir vanskeleg

Nokre gongar er det vanskeleg å samarbeide eller bli einige om ein foreldresamarbeidsavtale. Foreldre i konflikt kan få hjelp frå familievernet eller domstolen til å finne gode løysningar for barna.

Hjelp frå familievernet

Familievernet kan hjelpe foreldre med å løyse konfliktar, forbetre samarbeidet og finne gode løysningar for barna. Familievernet kan også tilby hjelp når det er utfordringar i relasjonen mellom foreldre og barn.

Eksempel på konfliktar og utfordringar kan vere

  • usemje om kva som er best for barna når det gjeld fast bustad og samvær
  • kommunikasjon som fungerer dårleg
  • forhold til nye partnarar
  • forhold mellom barn og steforeldre
  • at barnet ikkje vil til den eine forelderen
  • usemje om flytting

Familievernet tilbyr mekling, rådgiving, terapeutiske samtalar og kurs.


Tilbudet hos familievernet er gratis, og du kan vende deg til familievernkontoret uten tilvising.

Finn familievernkontor

Behandling av foreldretvistar i domstolen

Dersom de ikkje blir einige om foreldreansvar, fast bustad eller samvær, kan de bringe saka inn for domstolen. Før de kan gjere dette, må de ha gyldig meklingsattest. Om de ikkje har det, må de gjennomføre ny mekling.

Meir informasjon og rettleiing om foreldretvistar på domstol.no