Hjelp til å takle eigne problem knytt til brotet

Dersom du har det vanskeleg etter samlivsbrotet på ein slik måte at det går ut over kvardagen over tid, finst det moglegheiter for å søkje hjelp.

Du kan få rettleiing ved familievernkontoret dersom du opplever vanskar, konfliktar eller kriser knytte til samlivsbrot. Tilbodet er gratis, og du kan vende deg til familievernkontoret utan tilvising (henvisning).

Du kan også kontakte fastlegen for hjelp.

Les meir om hjelp når samarbeidet blir vanskeleg

På foreldrehverdag.no kan du lese om å takle dine eigne kjensler som forelder

 

Finn familievernkontor