Når ein av foreldra vil flytte

Det er foreldreansvar og fast bustad for barnet som regulerer om barnet kan flytte med deg til utlandet eller ein annan stad i Noreg etter eit samlivsbrot. 

Flytting i Noreg

Ved delt fast bustad

Har barnet delt fast bustad, må de ta avgjerda om flytting saman.

Ved fast bustad hos den eine og samvær med den andre

Den forelderen som barnet har fast bustad hos, kan ta avgjerda om flytting aleine, og skal i så fall varsle den andre tre månader før flyttinga.

Dersom den som har samvær med barnet flytter, har også han eller ho plikt til å varsle tre månader før flyttinga.

Flytting til utlandet

Ved felles foreldreansvar

Har de felles foreldreansvar for barnet, må de ta avgjerder om flytting til utlandet saman. Dette gjeld uavhengig av om barnet har fast bustad hos den eine av dykk eller delt fast bustad.

Når den eine har foreldreansvaret

Den som har foreldreansvaret aleine, kan i utgangspunktet flytte til utlandet utan samtykke frå den andre forelderen. Dersom de har ein avtale om samvær, har de begge plikt til å varsle den andre tre månader før flyttinga.

På regjeringa.no. kan du lese meir om å ta med barnet til utlandet:

Dersom de ikkje blir einige

Det er eigne reglar for mekling knytte til flytting dersom usemja oppstår etter at den ordinære meklinga er avslutta.

Om de ikkje blir einige om flyttinga, må den av dykk som vil flytte, bestille mekling. Dette kan de gjere ved familievernkontoret eller hos ekstern meklar. Begge foreldra pliktar å møte til ei slik mekling.

Dersom heller ikkje meklinga fører til at dykk blir einige, kan de bringe saka inn for domstolen.

Meir om foreldretvistar  (domstol.no)

Meir om reisekostnader ved samvær

Finn familievernkontor