Når kan barnet bestemme?
Barn har rett til å seie meininga si, men det er de som foreldre som må bestemme.
Barn har rett til å seie meninga si frå dei er sju år. Retten gjeld også yngre barn som er i stand til å danne seg sine eigne meiningar om ei sak.
Frå barnet er tolv år har foreldra plikt til å leggje stor vekt på det barnet meiner og ønsker, men barnet skal ikkje bestemme sjølv.
Hugs at sjølv om barn har rett til å seie meninga si, har dei ikkje plikt til å uttale seg.
Det er de som foreldre som har ansvaret for å ta avgjerdene, men de har plikt til å leggje vekt på barnet sine ønske og meiningar i tråd med alderen til barnet og kor moden han/ho er.
Lytt til barnet før de lagar foreldresamarbeidsavtale
Forståinga, behova og ønska til barnet kan være annleis enn det de som foreldre trur. Derfor er det viktig at barnet får anledning til å seie meninga si før de lagar eller endrar ein foreldresamarbeidsavtale.
Informer barnet om kva de har bestemt
Det er viktig å informere barnet om resultatet av det han/ho har uttalt seg om. Dersom resultatet ikkje har blitt slik barnet ønskte seg, bør han/ho få ei forklaring på kvifor.
Om barna sin rett til å seie meininga si i lovverket
Les meir om barna sin rett til å seie meninga si i
- barneloven § 31 – om barna sin rett til å vere med på avgjerder
- barnekonvensjonen artikkel 12 – om barna sin rett til å gi uttrykk for meininga si
- Grunnlovens § 104 – om barna sin rett til å bli høyrde
Les meir
- La barnet vere med å bestemme (foredrekvardag.no)
- Når barnet ikkje vil på samvær (foreldrekvardag.no)
På ung.no finn du informasjon til barn og unge om rettane deira.