Tid:
Fortløpende påmelding
Sted:
Førde, Sogn og Fjordane
Adresse:
Familiekontoret sine lokale i Storehagen 1b, 2. etg.

Fortsatt foreldre er eit kurs som passar for deg som ønskjer å skape eit GODT NOK foreldresamarbeid med ekspartnar etter samlivsbrot - til beste for barna.

Kortversjon av Fortsatt foreldre-kurset over 1,5-2 timar som del av mekling eller foreldresamarbeidssamtale, for ein-to foreldre eller mindre grupper – som undervisningskurs.

Fortsatt foreldre er eit kurs for deg som ynskjer å skape eit godt nok foreldresamarbeid med ekspartnar etter samlivsbrotet - til beste for barna.
Mange foreldre slit med samarbeidet med den andre forelderen, uavhengig av om det har gått kort eller lang tid sidan samlivsbrotet.

På kurset får du moglegheit til refleksjon og bevisstgjering rundt rolla di som forelder og samarbeidspartnar. Du får hjelp til å møte konfliktar på ein konstruktiv og løysingsorientert måte.

Formålet med kurset «Fortsatt foreldre» er at barna skal få oppleve at foreldra klarar å samarbeide og kommunisere etter brotet, slik at barna sin kvardag blir mest mogleg forutsigbar og trygg.

Tema

  • Brotprosessen
  • Kommunikasjon, konflikt og samspel
  • Å sjå barna sin livssituasjon
  • Foreldre-samarbeidet
  • Vegen vidare

Mer informasjon om Fortsatt foreldre-kurset

Fortløpende påmelding, fyll ut skjemaet

Minikurs - Fortsatt Foreldre

Obligatoriske felter er merket med *.

Kontakt

For meir informasjon om kurset ta kontakt med Familiekontoret på tlf. 466 19 280 (tastevalg 1) eller e-post: familiekontora.sunnfjord-sogn@bufetat.no