Når de kjem til timen, møter dykk ein terapeut på kontoret.

Den første timen blir brukt til å finne ut av kva slags utfordringar de har i parforholdet. Fagpersonen lyttar til dykk begge, og er nøytral til ei eventuell konflikt.

Trygg samtale

Terapeuten si viktigaste oppgåve er å skape tryggleik. De får hjelp til å kartlegge kva akkurat dykk treng hjelp til. Det er ikkje alltid så lett. De skal begge få sagt det dykk er opptatt av. Om det er vanskeleg å snakke, stiller terapeuten spørsmål som hjelper dykk i gang. Nokre gongar er det best at partnarane går til samtalar kvar for seg, enten heile tida eller i ei periode. Dette finn de ut av i løpet av den første samtalen.

På familievernkontoret møter dykk blant anna psykologar, sosionomar, pedagogar og nokre teologar (prestar). Dei fleste har vidareutdanning i familieterapi. Dei tilsette i familievernet har teieplikt.

Medverknad og tilbakemeldingar

Korleis de opplever timane, er viktig for familievernet. Medverknad frå dykk som brukarar skal styre dei vidare samtalene. Dette kallar familievernet klient- og resultatstyrt praksis (KOR).

Etter den første timen finn de og terapeuten saman ut korleis de best kan jobbe vidare med problema. Skjemaet for brukarmedverknad blir brukt til å melde tilbake også på slutten av timen.