Det er mange ting i eit forhold som kan være vanskeleg i perioder. Nokre gongar er alt låst fast.
Om du og partneren din slit og treng nokon å prate med, kan familievernkontoret hjelpe.
Her møter de profesjonelle fagfolk med lang erfaring som kan hjelpe dykk å finne ut kva de treng, og kva for tilbod som finnast.
Mange søker hjelp om desse temaene:
- ønske om å jobbe med forholdet
- kommunikasjonsvanskar
- seksuelle problem
- krangling, utroskap, sjalusi
- brot og foreldresamarbeid
- mine og dine barn
- truslar, vald eller rus
- uro for barn
Ingen fasit
Vi hjelper par i mange situasjonar. Ingen par eller problem er like. Det er du, eller de saman, som vurderer når de treng nokon å snakke med. Nokre gongar er det lite som skal til for å endre på ting, andre gonger kan det ta tid. På familievernkontoret kan du få hjelp til å finne ut kva slags tilbod som passar i akkurat dykkar situasjon.
Ta kontakt med familievernkontoret de ønskjer å gå til, så hjelper vi dykk med å finne løysingar.
Tilbod til de som vil jobbe med parforholdet:
- Samtaler mellom dykk og ein terapeut
- Kurs saman med andre par - sjå kursoversikt