Familier med barn med nedsatt funksjonsevne kan oppleve store utfordringar knytta til funksjonshemminga til barnet.

Det kan handle om forholdet til hjelpeapparatet, eller det kan vere dårleg samvit for andre barn i familien. Ofte blir det lite tid til slekt og vener. Nokre kjenner også på vonde reaksjonar og kjensler, særleg når ein er sliten eller får lite nattesømn.

Sjå film om Kva med oss?

Godt å dele erfaringar med nokon

Foreldre kan kjenne seg einsame om erfaringane med å ha barn med nedsett funksjonsevne. Det er nokre gongar vanskeleg å dele opplevingane, andre menneske skjønar så lite av korleis dette livet er. Det kan handle om det som blir slitsamt. Men også om kor godt det er å oppleve hjelparar og venar som forstår. Eller gleda over dei små positive endringane hos barnet som andre kanskje ikkje ser eller skjønar.

Lite tid til parforholdet

Mange par opplever at det blir lita tid til å prioritere parforholdet. Dette kan etter kvart gjere at par opplever avstand og dårleg kommunikasjon, og det kan utvikle seg konflikter.

God omsorg for barn heng saman med foreldra si evne til å ta vare på seg sjølve som par. Eit godt parforhold er rett og slett nøkkelen til eit lettare daglegliv i familien. Det er derfor Kva med oss? - tilbodet vart utvikla. Kva med oss? er ein møteplass der foreldre kan få dele erfaringar og opplevingar.

Gjennom å lytte til andre sine erfaringar, løysingar og utfordringar kan ein får verdifulle opplevingar knytta til eigne relasjonar og eige liv. Eit hovudmål med Kva med oss?-kursa er at det skal bli mogleg for para å styrke parforholdet og samarbeidet i familien.

Det forebyggande effekten av Kva med oss? handlar om å redusere konfliktutvikling og risisko for samlivsbrot. Statistisk sett er det ikkje grunnlag for å fastslå at samlivsbrotraten er høgare hos par som har barn med nedsett funksjonevne enn hos andre par. Men dei ekstra utfordringane kan føre til at forholdet utviklar seg i negativ retning.

Eit Kva med oss?-kurs kan bidra til at de ser viktige sider av samlivet som de kan prioritere sterkare, slik som kommunikasjon, konflikthandtering, dele emosjonelle reaksjonar og ikkje minst å dele gode fellesopplevingar som par og kjærastar.

Tema på kurset

Hva med oss?-kursene varer som regel frå fredag kveld til søndag ettermiddag, og tek opp følgande tema:

  • trongen vår for kontakt, tilknytning og ei trygg hamn
  • parforholdet
  • kjensler og kommunikasjon
  • livet med eit spesielt barn
  • å vere nær kvarandre
  • reparasjonar i samlivet
  • korleis får vi tid og plass til alle i familien?
  • dele glede, meining og håp
  • Påmelding

Sjå oversikt over Kva med oss?-kursa og meld dykk på

Publisert 12. februar 2015
Oppdatert 06. oktober 2020