Står du åleine med ansvar for barn med nedsett funksjonsevne, kan du oppleve mange av dei same utfordringane som par gjer. Dette gjeld anten du er hovudomsorgspersonen eller har ein mindre del av den daglege omsorgen.

På fleire område kan ein kjenne seg meir belasta og sliten, nettopp fordi ein er åleine om ansvaret. Dette kan gjelde både praktiske gjeremål, atterleten og alle dei samansatte og kompliserte kjenslene som kan svinge frå sorg til glede.

Mange einslege som har gjennomgått eit samlivsbrot, opplever også at det vanskeleg med foreldresamarbeid. Eigne kurs for einslege forsørgarar for barn med nedsett funksjonsevne er difor eit viktig tilbod i Kva med oss?

Tema for kurset:

  • Sånn er livet: ei lita forteljing frå kvar deltakar
  • Foreldresamarbeid
  • Kommunikasjon: som nøkkel til samarbeid og forståing
  • Familie og nettverk: korleis nytte seg postitivt av dei utan å få dårleg samvit?
  • Kjensler er fakta: om dei samansatte kjenslene, og tydinga av å dele dei med nokon
  • Energi, glede og pågangsmot: korleis få pusterom nok til seg sjølv, og overskot nok til barn?

Påmelding

Sjå oversikta over Kva med meg?-kurs og meld deg på

Publisert 12. februar 2015
Oppdatert 06. oktober 2020