Søkjer du på stilling i Bufdir framover, skal du ikkje lenger skrive søknadsbrev. Det gjev ein meir profesjonell rekrutteringsprosess og gjer det lettare å få dei beste tilsette.

Det vanlege søknadsbrevet, der søkjaren presenterer seg i fritekst, vert erstatta av ein utfyllande cv. Det gjer det lettare å samanlikne kandidatar utan at personlege preferansar kjem i vegen.

– I eit søknadsbrev vert kandidaten vurdert utan å vite nøyaktig kva for kriterium den som les søknaden, vurderer etter. Anten det er medvite eller ikkje tek den som tilset, stilling til det som vert skrive, same om det er relevant for jobben eller ikkje. Nemner søkjaren til dømes at dei har katt, kan ein som tilset, sjå på det som positivt å ha med personlege ting, medan andre ser det som negativt. Personar med ulik kulturell bakgrunn skriv òg søknader på ulik måte. Ved å fjerne søknadsbrevet gjer vi heile utveljinga meir standardisert og mindre personavhengig, seier Tone Andersson Torske, avdelingsdirektør i HR.

Å skildre arbeidsforhold, oppgåver og ansvar meir inngåande i fritekst er ikkje noko nytt, men ikkje alle har nytta seg av høvet. Bufdir oppmodar no alle til å skrive så utfyllande dei kan, mellom anna med ei påminning i både annonsen og cv-utfyllinga. Det er òg mogleg å leggje inn standardiserte spørsmål om mellom anna motivasjon. Saman med Hanne Marie Revholt og Vegard Thorstensen, som òg jobbar i HR, har Torske med dette endra heile måten å søkje jobb i Bufdir på. Og det er til det betre, meiner ho.

– Når me lyser ut ei stilling, vil me finne den kandidaten som er best eigna til jobben. Eit vanleg søknadsbrev syner berre kor god kandidaten er til å skrive søknad. Me vil nytte andre metodar for å måle dei eigenskapane me meiner er dei viktigaste for å utføre oppgåvene best mogleg, seier Torske.

Tenkjer nytt – gjer det betre

Ved å fjerne ikkje-standardiserte vurderingskriterium og heller nytte anerkjente metodar som arbeidsprøver og personlegdomstestar vert ein del av vurderingane flytta nærmare sluttfasen. Dette gjer prosessen meir profesjonell og gjev dei som skal tilsette, betre høve til å sile ut dei beste og velje rett verktøy.

– Ein kan ikkje rekruttere på same måte til alle stillingar. Når me kuttar ut søknadsbrevet, må me tenkje nytt. «Kva treng eg eigentleg i denne stillinga, og korleis måler eg det?», seier Torske.

Og det er nytenking Bufdir driv med. Den teknologiske løysinga i JobbNorge, som rekrutteringa skjer gjennom, måtte lagast frå grunnen av.

– Me har ikkje høyrt om andre i det offentlege som har gjort dette før, seier ho.

Og sjølv om det var mange spørsmål og ein del skepsis i byrjinga, roa det seg raskt.

– Me så fort at alle har tru på sin eigen evne til å vurdere informasjon, samstundes som me vektar informasjon på ulikt vis. Søknadsbrevet gjer alt litt meir uvisst, difor fjernar me det og erstattar det med andre metodar. Det gjer at leiarane kan konsentrere seg om det som faktisk er viktigast – å få den rette medarbeidaren med den beste kompetansen, avsluttar Torske.